Gå til sidens hovedinnhold

Slik såg det ut tre år etter sjødeponiet

Artikkelen er over 6 år gammel

I haust hadde Firda ein artikkelserie om dabrotet i Titania, som på mange måtar minnar om prosjektet til Nordic Mining. No har Fiskarlaget publisert ein video frå havbotnen i Jøssingfjorden. Den er filma i 1988, nesten fire år etter at deponiet var flytta ut forbi fjorden til Dyngadjupet.

Erling Svendsen frå Egersund var med å filme i 1988.

– Det kveler alt liv på botnen. Heile fjorden var full av finmalen fjellmasse, seier han.

I dag dykkar Svendsen ein del i eit område 2-3 kilometer frå eit steinbrot.

– Også der er det vanskeleg å få god sikt. Det er mykje støv i fjorden. Dette støvet skil seg frå stader med mudderbotn, fordi alt er like fint, og det er fint som melis, seier han.

– Eg er svært skeptisk til etablering av nye fjorddeponi, og ei eventuell gjenopning av deponiet utanfor Jøssingfjorden, seier Svendsen.

Sjå videoen frå Jøssingfjorden her:

Kommentarer til denne saken