På Norway Cup sin nest siste dag hadde Førde IL to viktige kampar å spele.

Førde G15 hadde så lagt ikkje tapt ein einaste kamp, og 8.-delsfinalen mot Moss FK var ingen unntak. Dei kom vidare til kvartfinalen, der dei møtte det amerikanske laget Dallas Texans.

Førde vann 4–3 etter straffesparkkonkurranse og kom dermed vidare til semifinalen. Der møter dei svenske Örgryte IS.

Førde vann 2-1 mot svenskane, og skal derfor spele finale i 11-ar fotball laurdag klokka 11.35.

Seinare var det klart for finale i 7-ar fotball i klassen gutar 15/16. Førde-laget har bøtta inn med mål gjennom heile turneringa, og var klare for å møte Trosvik i finalen.

Førde gjekk heilt til topps, og vann 3-0 over laget frå Fredrikstad. Førde leia 2-0 til pause. Dermed blei Førde sitt G15/16 lag tidenes første Norway cup vinnar frå Førde IL Fotball.

Førde G13/14 tapte semifinalen mot Rollon/Guard i 7-ar fotball. Trass i dette har dei likevel moglegheit for medalje. Fredag klokka 11:45 møtte dei Gaza Kids frå Palestina i bronsefinale. Førde-gutane tapte 3–0.

Les fleire saker frå Norway cup her: