Gå til sidens hovedinnhold

Slik finn du gamle artiklar og bilde i Firda

I Firda får du alltid siste nytt. Men du kan også finne gammalt nytt, viss du veit korleis du leitar. Slik gjer du det.

Alternativ 1: Søk på firda.no

Den lettaste måten å finne ting på, er å bruke nettavis-søket. Det finn du ved å klikke på menyknappen øvst til høgre på firda.no.

Då kjem det opp eit søkefelt, der du kan søke på ting som har vore publisert på websida vår. Det er verd å merke seg at denne ikkje er like intelligent som ein er van med frå til dømes Google. Det betyr at ting må skrivast ordrett for å få treff.

Ein annan ting som er verd å merke seg, er at treffa først blir sortert etter Relevans, det vil seie kor langt fram i overskrifta at ordet du søkte på finst. Men ofte er ikkje søkeordet med i overskrifta i heile tatt. Til dømes har vi mange saker om Førdepakken som ikkje inneheld ordet Førdepakken i sjølve overskrifta. Prøv difor også å klikke på Dato. Då vil sakene blir sortert etter nyaste dato først. Så kan du bla deg kronologisk bakover i avishistoria.

Alternativ 2: Søk i papiravisa

Søket over gjeld berre nettavisa. Firda har som kjent også ei papiravis. Der er det mogleg å søke seg tilbake til tidenes morgon, det vil seie førsteutgåva i 1917 i denne samanheng. I samband med 100-års jubileet, vart samtlege papiraviser digitalisert og gjort tilgjenglege.

Dette kallar vi e-avisa. Det historiske arkivet her er litt vanskeleg å finne fram til, difor kan du trykke på denne lenka. (Berre for abonnentar)

Gjer vi eit søk her, på til dømes ordet festplassen, finn vi at dette ordet første gong sto på trykk i Firda under 17. mai programmet for 1929.

E-avisa kan du eksportere som PDF-fil, eller du kan ta skjermdump frå sida. Men husk: Det ikkje er lov å vidarepublisere materiale herifrå utan avtale.

Tips: Om du til dømes skal søke på eit heilt namn, eller ei setning, kan det vere lurt å setje hermeteikn før og etter setninga eller namnet. Til dømes "Trond Pedersen".

Alternativ 3: Søk på google

Den amerikanske søkemotoren har også lagra ein del informasjon om Firda.

For å vere viss på at du berre får opp søk frå sjølve Firda, må du skrive følgande i søkefeltet før ordet du leitar etter:

site:firda.no

Her ser vi mellom anna at google har funne ordet Førdehuset 3060 gongar på nettsida vår.

Korleis finn eg gamle bilde?

Det første du bør prøve, er å sjå på bildeseriane. Dei får du fram ved å klikke på fana Bildeseriar øvst på nettsida. Mange av desse inneheld historiske bilde som er teke fram frå arkivet.

Det er dessverre ingen direkte funksjon for bildesøk på Firda. I staden må du søke på bildetekstar. Metodikken er mykje den same som i dei føregåande søka.

Når det gjeld e-avisa, er det i tillegg mogleg å finne nøyaktig fram, viss ein veit datoen noko sto på trykk. Då vel ein dette i kalenderfunksjonen til e-avisa. Veit ein berre omtrentleg dato, kan ein likevel finne det ved å bla seg gjennom avisene kring den aktuelle tida.

Google har også eit bildesøk. Då gjer du berre det same som over, men klikkar i staden på Bilder. Det er den tredje fana frå venstre under søkefeltet.

Eg finn ikkje bildet, men veit de har det. Korleis får eg det ut?

Firda har også eit fysisk bildearkiv, som dekker tidsrommet frå om lag 1983 til 2003. Dette er ikkje like søkbart som metodane over, men er sortert kronologisk. Difor er det framleis mogleg å finne fram.

Utfordringa er at Journalistane vanlegvis ikkje har kapasitet til å gjere arbeidet som skal til for å finne og digitalisere gamle bilde i det fysiske arkivet. Ein slik tidsbruk må i så fall avtalast med leiinga i Firda.

Før 1983 var det dessverre ikkje noko felles system, fordi kvar enkelt fotograf arkiverte sine bilde sjølv.

Det er også verd å merke seg at bilde som i si tid var innsende eller innkjøpte ikkje er arkiverte. Dette har Firda ikkje rettigheiter til.

Firda har likevel ein del bilde frå denne perioden som er digitalisert ved hjelp av frivillige hjelparar. Dette arkivet dekker tidsrommet frå kring 1950 til kring 1974.

Diverre er dette arkivet ikkje komplett, og vi har dessutan svært mangelfulle opplysningar om innhaldet, til dømes tid, stad, og namn på personar og fotograf. Av den grunn må dette avklarast før Firda eventuelt kan offentleggjere alle desse bilda.

Les også

Gir oss eit kikhol til Sunnfjord 100 år tilbake i tid

Kommentarer til denne saken