I morgontimane 11. januar vart rv. 13 over Vikafjellet stengt. Det er fjellovergangen framleis, og ny vurdering vert ikkje gjort før torsdag morgon klokka 08.00.

Også fv. 53 Tyin – Årdal er stengt. Her må ein også vente ei stund før det blir ny vurdering av vegen. Dette er sett til fredag klokka 13.00.

Det er også innført kolonnekøyring over fleire fjellovergangar.

Slik er statusane per 21.21 onsdag kveld:

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt. Ny vurdering torsdag kl. 08.00

Fv. 50 Hol - Aurland: Stengt

E134 Haukelifjell: Kolonne

E16 Filefjell: Opent

Rv. 52 Hemsedalsfjell: Opent, kolonne på kort varsel.

Rv. 7 Hardangervidda: Opent.

Fv. 53 Tyin - Årdal: Stengt. Ny vurd fredag kl. 13.00

Rv. 15 Strynefjell: Opent