Er du heldig og kan ta litt tidleg helg denne veka, kan du få deg nokre skikkeleg fine timar utandørs fredag. Ifølge meteorolog Magnus Haukeland ved Vêrvarslinga på Vestlandet ser nemleg fredagen ut til å bli spesielt fin.
– Mykje sol og stort sett opphald, seier han om fredagen.
Stort sett opphald
For Sunnfjord og omland er det for det meste meldt opphald fredag, men det kan komme nokre sludd og snøbyer på kysten fredag kveld. Også elles i området kan det kome nokre lette byer, men stort sett vil det vere opphald og sol, varslar meteorologen.
I Førde er det på det varmaste fredag venta å bli rundt 2–3 minusgrader, men ganske kjølig på natta.
– Det blir vinterleg og fint, meiner meteorologen.
Har du fine vinterbilde du vil dele med oss og lesarane? Last dei enkelt opp her.
Laurdag er det også stort sett meldt opphald, men litt mindre sol og meir vind. Utover dagen kan det bli ganske sterk vind på kysten, opp i sterk kuling frå sør. Vinden drar med seg litt varmare luft.
– Det kan nok bikke over til plussgrader midt på dagen laurdag.
Søndag ser ut til å halde fram i same stil som laurdag, med sønnavind og for det meste opphald. Men frå kvelden og utover måndagen blir det mildare og våtare.
– Nyt finvêret medan du kan, oppfordrar meteorologen og varslar at det frå komande veke er venta meir skiftande vêr.
