Slåsting, festbråk, flaskekasting og trampolinehopping: Slik var natt til søndag

DEL

Politipatruljane i Sogn og Fjordane hadde nok å ta seg til natt til søndag.

Klokka 20.30 rykte brannvesenet ut etter melding om røyklukt i ein bustad. Alarmen vart avbroten ganske så raskt, for det viste seg at lukta kom frå eit lysrøyr.

Ikkje lenge etter, klokka 20.52, rykte politipatruljen ut til ein fest i Førde sentrum. Det var meldt om høg musikk og i tillegg skal flasker ha blitt kasta ut av vindauga. Då patruljen kom fram var det heilt roleg på staden. Ingen skal ha blitt skadd som følge av flaskekastinga.

Men dette var ikkje einaste gongen i løpet av natta at politiet måtte dempe festar. Ein halvtime før midnatt fekk politiet melding om høg musikk og bråk frå ein bustad i Florø. Patruljen kom til staden og bad huseigaren dempe musikken og lukke dørene.

Også i Nordre Kinn måtte politiet dempe ein fest. Klokka 01.33 måtte politiet rykke ut til ein bustad i Måløy der det var mykje festbråk.

Politiet fekk også melding om ein del skriking og skråling frå ungdommar i Sogndal som skal ha hoppa på trampoline rundt midnatt.

Klokka 01.00 rykte politiet ut til ein fest på ei privat adresse i Høyanger der to personar skal ha byrja å slåst. Då patruljen kom fram var det roleg, men ein mann i 50-åra – truleg den fornærma – hadde fått eit mindre kutt. Vedkommande ville ikkje melde saka, men mannen i 20-åra som var mistenkt for valdsbruken vart vist bort frå staden.

Så har det også vore ein del ymse oppdrag for politipatruljen. Klokka 21.50 vart det meldt at nokon hadde fyrt av kinaputtar i Førde sentrum, men det blei ikkje funne noko. Ei anna melding som kom inn fortalde om hærverk på ein bil i Stryn. Det viste seg at bilen skulle vrakast.

Artikkeltags