Vest politidistrikt fekk meldinga klokka 17.11 laurdag ettermiddag.

Det var fare for at brannen kan spreie seg til bygningar, melde politiet.

– Vi veit ikkje heilt årsaka. Slåmaskina stod innanfor taket på ein driftsbygning. Den tok av ein eller annan grunn fyr. Det kan ha vore varmgang. Det er ikkje mistanke om nokon påsett brann, seier vaktleiar Jan Gunnar Holvik på Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Lokalt brannvesen rykte til staden. Brannen var sløkt rundt klokka 17.30.