Medaljen glapp for Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bøgjekk inn til ein 8.-plass under torsdagens 20 km. Her er han avbilda under sprinten tidlegare i VM.

Johannes Thingnes Bøgjekk inn til ein 8.-plass under torsdagens 20 km. Her er han avbilda under sprinten tidlegare i VM. Foto:

SKISKYTING: Johannes Thingnes Bøe låg lenge an i teten, men to bom sende han nedover på listene.

DEL

Johannes Thingnes Bø vart norges beste løpar på ein 8.-plass under torsdagens 20 kilometer i VM i Hochfilzen.

Stryningen låg lenge i leiinga, etter feilfri skyting på dei to første skytingane, samt bra fart i sporet. Etter andre skyting gjekk han ut med 12,4 sekunds leiing, og såg ut til å melde seg på i gullkampen.

Leiinga rauk derimot på tredje skyting, då Thingnes Bøe hadde eit bomskot i serien.

Medan Thingnes Bøe leverte sitt første bomskot, gjekk amerikanske Lowell Bailey ut i leiinga etter sin andre skyting.

Thingnes Bøe var då framleis i medaljekampen, men på aller siste skotet kom eit nytt bomskot.

Stryningen kom i mål på ein 8.-plass, 1.11.9 bak amerikanske Bailey, som heldt leiinga ut løpet.

Artikkeltags