Gå til sidens hovedinnhold

Familien skulle delta på same lag for første gong, men så var det den skaden

Artikkelen er over 4 år gammel

SKYTING: Familien Hegg frå Lærdal skulle for første gong skyte på same lag i lagskytinga. Så skjedde det noko på oppvarminga dagen før.

Marit Hegg, Ola Tiemann Hegg, Jens-Henrik Hegg (15) og Sara-Sofie Hegg (11) såg fram til at familien endeleg skulle få skyte saman på lag, men far i huset måtte kaste inn handkledet dagen før finalen.

– Kroppen fungerer ikkje heilt og eg måtte avbryte fredag. Det var litt leitt at vi ikkje fekk det til, men vi får nye sjansar framover, fortel Ola Tiemann Hegg.

Når faren ikkje kunne denne gongen, var dei ikkje nok til eit lag. Når landsskyttarstemnet kjem seinare i sommar, skal familien Hegg ikkje komme i same situasjon.

– Då tar vi med eldste sonen vår, Jon-Hermann (18), i tillegg. Då skal vi få eit lag uansett. Det hadde vore veldig kjekt å få konkurrere i lag som ein familie, seier Marit Hegg.

Landsskyttarstemnet er ferien

Under fylkesstemnet på Botnastøylen i Flora søndag blir det likevel nok skyting for familien Hegg. Men dei ser spesielt fram mot landsskyttarstemnet i Førde.

– Det er den einaste ferien vi tar ut om sommaren, då er det å pakke alt og ta med seg campingvogna. Det er utruleg fint skyttarmiljø og vi møter på forskjellige folk frå andre stadar gjennom landsskyttarstemnet. Det er ein kjekk måte å reise rundt i landet og oppleve Norge samtidig som vi får drive med det vi likar, fortel Marit Hegg.

Familien frå Lærdal ser ekstra fram til å skyte på «heimebane".

– Når landsskyttarstemnet er i Førde, så seier vi at vi er på heimebane. Det veldig kjekt å vere ein del av denne «skyttar-familien» der alle har det kjekt i lag alt frå ungdommar til dei eldste. Folk gjev kvarandre gode råd og bryr seg om kvarandre, seier Marit.

– Kjekt å sjå at dei har same interessa

Sonen Jens-Henrik Hegg gler seg til landsskyttarstemnet.

– Eg har store forventingar til det stemnet og gler meg veldig. Eg følte ikkje at det gjekk så bra i dag, fortel Jens-Henrik.

Men det å skyte saman med familien gler han seg til i framtida.

– Det hadde vore veldig moro å delta som ein familie på lagskyting, men det blir nok skyting uansett, seier Jens-Henrik Hegg.

Faren, Ola Tiemann Hegg, synest det er kjekt å sjå at borna følger i foreldra sine fotspor.

– Det er spennande å følge med dei og kjekt å sjå at dei har den same interessa. Det gjer det lettare for oss når vi skal ut på tur og reise rundt på stemne, fortel Ola Tiemann Hegg.

Kommentarer til denne saken