Vegard Solhaug ny fylkesmeister i grovfelt: – Blir ikkje noko feiring, eg tar meg kanskje ein kaffi

VANN: Vegard Solhaug frå Aurland var best på feltskytinga for seniorane, også kalla grovfelt.

VANN: Vegard Solhaug frå Aurland var best på feltskytinga for seniorane, også kalla grovfelt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKYTING: Vegard Solhaug frå Aurland vann feltskytinga for seniorane. Men noko feiring blir ikkje det.

DEL

– Det er greitt å ha tittelen som fylkesmeister i grovfelt. Alt gjekk som det skulle og eg var god på innskytinga. Men ein veit jo aldri, seier Solhaug til Firda.

Han trefte best av alle frå 200 meter i klassen 3–5.

– Det er moro når du får det til. Eg har vore fylkesmeister ein gong før for to år sidan. Så det er jo litt kjekt å vere best igjen, seier Vegard Solhaug.

Men noko feiring blir det ikkje.

– Eg tar meg kanskje ein kaffi eller noko. Det blir ikkje noko meir enn det, seier Solhaug.

Her kan du søke opp resultat frå fylkesstemnet frå Grovastøylen (resultata kan vere manglande på grunn av nett-trøbbel på Grovastøylen).

Les også: – Eg vart heilt sjokkert då eg såg resultatet

Familien skulle delta på same lag for første gong, men så var det den skaden 

REKRUTT: Dei yngste var fokuserte under fylkesstemnet på Grovastøylen i Flora.

REKRUTT: Dei yngste var fokuserte under fylkesstemnet på Grovastøylen i Flora. Foto:

Første gong med bane og felt

Det er første gong under fylkesstemne at det er finale for bane og felt på same dag.

– Det er litt meir stressande og det er som eit mini landsskyttarstemne. Det er sjølvsagt mykje å halde styr på, men det har gått greitt, fortel arrangør Bjarte Haugnes frå Florø skyttarlag.

Det er og første gong det er lagskyting at laget skyt samtidig på to forskjellige baner.

– Det er som ein stafett og det er litt hektisk, men det er kjekt å prøve noko nytt og eg trur ikkje nokon har gjort det før, fortel Haugnes.

STRESS: Bjarte Haugnes fortel at dagens fylkesstemne var som eit landsskyttarstemne i miniatyr.

STRESS: Bjarte Haugnes fortel at dagens fylkesstemne var som eit landsskyttarstemne i miniatyr. Foto:

Artikkeltags