Det melder Bergens Tidende.
Vestland fylkeskommune ønskjer no å prøve ut ein ny billettype på buss og bane. Denne er for dei som ønskjer å reise ein til tre gongar i veka og har eit uføreseieleg reisemønster.
Den fungerer slik at for kvar gong den reisande kjøper ein enkeltbillett innanfor ein 30-dagarsperiode, vil rabatten på enkeltbilletten bli høgre.
Dersom kunden reiser ofte, vil han eller ho sjå at rabatten aukar. På det meste kan ein oppnå ein personleg rabatt på 40 prosent av ein enkeltbillett.
Målet er å få fleire til å nytte seg av kollektivtilbodet og dermed auke billettinntektene.
Denne lanseringa vil bli gradvis, men eventuell full lansering må opp til politisk behandling i fylkeskommunen før 2023, skriv avisa.

Billettprisen blei meir enn 25 gonger dyrare enn venta. Det gav Helena (20) bakoversveis: – Eg skjønte ingenting

Er nyttårsforsettet ditt å få orden i økonomien? Dette er banksjefen sine råd
