Skulle køyre rusa kvinne heim – så tissa ho i politibilen

DEL

Ein politipatrulje kom over ei svært rusa kvinne i ei gate i Måløy sentrum måndag ettermiddag.

Dei bestemte seg for å køyre ho heim, men då kvinna kom inn i politibilen, klarte ho ikkje å oppføre seg.

– Ho begynte å sparke, slå og spytte etter politiet. Så tissa ho i bilen. Så i staden for at vi køyrer ho heim, går turen til arresten, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

Kvinna, som er i slutten av 30-åra, blir meldt for hendinga.

Artikkeltags