I Firda kunne vi nyleg lese om skulefrukosten på Dale vgs. som er kåra til den beste i heile fylket.

Elevane som er intervjua i artikkelen gjer uttrykk for at dette er eit viktig tiltak som dei set stor pris på.

I Vestland brukar vi årleg 15 millionar kroner på skulefrukost ved dei vidaregåande skulane våre. For Ap er dette ei viktig prioritering både for oss og elevane våre. Dette er noko vi ønsker å satse vidare på fordi det er bra for elevane og det er bra for heile skule- og læringsmiljøet. Skulen handlar om meir enn berre karakterar. Elevane treng å oppleve meistring og trivsel på skulen.

Dette er viktige faktorar for læring og god fysisk og psykisk helse.

Skulefrukost gjev elevane ein god start på dagen, og det er eit fellesmåltid som inkluderer alle. Det er populært å starte dagen med å ete mellom anna havregraut saman med andre elevar før skuledagen startar. Når vi er ute på skulebesøk, vert ofte skulefrukosten trekt fram som eit svært vellykka tiltak både av elevane og skulane sjølv.

Det betyr noko kven som styrer i Vestland. Høgre seier dei ønskjer å fjerne skulefrukosten. Ap er garantisten for at tilbodet om gratis skulefrukost på alle dei vidaregåande skulane i Vestland blir vidareført.