Silje er éin av 18 elevar som skal på utveksling

GLER SEG: Silje Navelsaker (17) frå Jølster skal til York på utveksling til hausten.

GLER SEG: Silje Navelsaker (17) frå Jølster skal til York på utveksling til hausten. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

SKULE: Hafstad vidaregåande skule har sett ei jamn auke i talet på elevar som vel å ta andre året i utlandet. I år skal 18 elevar på utveksling.

DEL

– Eg gler meg. Det blir sikkert eit par veker med heimlengsel, men eg veit at eg ikkje kjem til å angre.

Silje Navelsaker (17) frå Jølster skal ikkje tilbake til Hafstad vidaregåande skule denne hausten. I september dreg ho og ni andre frå skulen til York i England for å ta andreklasse vidaregåande der. I tillegg er det fleire Hafstad-elevar som skal på utveksling til USA.

Firda skreiv i førre veke at Hafstad vidaregåande skule totalt har 24 ledige plassar ved dei to retningane på andre året studiespesialisering, Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomi, etter at det andre opptaket vart gjennomført. 18 av desse ledige pultane vil altså høyre til elevar som er på utveksling.

Jamn auke

Ifølge rådgjevar ved Hafstad vidaregåande skule, Magne Aardal, har det dei siste åra vore ei jamn auke i talet på elevar som tek andre året i utlandet. Talet i år kan vere eit av dei høgaste skulen nokon gong har sett.

Aardal trur auken blant anna kjem av at Hafstad vgs. no har eitt tett samarbeid med skulen og organisasjonane som tilbyr utveksling til utlandet, i tillegg til at interessa har spreidd seg mellom elevane.

– I løpet av mine 40 år med jobb i skulen, har eg aldri opplevd at ein elev har komme tilbake frå utveksling med noko anna enn positive erfaringar. Det er både ei utfordrande og utviklande oppleving, og der er klart at dette spreier seg blant elevane. Med fleire som reiser blir det og fleire «ambassadørar» for det å utveksle, seier Aardal.

Silje har òg si oppfatning om kvifor fleire vil reise.

– Verda blir mindre. Folk innser at det ikkje er så skummelt å reise, og at språk blir viktigare og viktigare. Spesielt det å vere god i engelsk kan vere ein stor fordel seinare i livet, seier ho og legg til at alle ho veit om som skal på utveksling i år, skal til engelsktalande land.

Vil ikkje berre vere med norske

Sidan det er heile ti elevar frå Hafstad vidaregåande skule som skal til York, kjenner Silje allereie eit par av dei ho kjem til å gå på skule med det kommande året. Ho trur det kjem til å gjere det lettare å bu og gå på skule i England.

GAMLESKULEN: Silje Navelsaker tenker å komme tilbake til Hafstad vgs. etter året i York.

GAMLESKULEN: Silje Navelsaker tenker å komme tilbake til Hafstad vgs. etter året i York. Foto:

– Det kjem alltid til å vere nokon rundt oss som vi kjenner heimanfrå, og det er fint. Men eg trur likevel det blir viktig å utfordre oss sjølve til å ikkje berre vere med dei som er norske heile tida. Vi er jo i England for å bli vande med å snakke engelsk og for å bli kjende med den engelske kulturen, så vi skal bli kjent med dei engelske òg, forklarar Silje.

Også Aardal trur møtet mellom kulturar er viktig for elevane, men også for skulen.

– Eg tenker at det er veldig positivt for skulen at elevar reiser på utveksling. Dei lærer seg å kjenne andre kulturar og får ei forståing av verda rundt seg, og kjem tilbake til skulen med nye perspektiv og impulsar, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken