Hjernedøde sossar eller late yrkisar

MO OG ØYRANE: Joran Lassche (18), Annika Solheim (17) og Anders Steiro Herstad (17) går yrkesfag på Mo og Øyrane. – Dette er ein tryllestav, men vi er ikkje heilt sikre på kvifor vi har laga den, seier gutane.

MO OG ØYRANE: Joran Lassche (18), Annika Solheim (17) og Anders Steiro Herstad (17) går yrkesfag på Mo og Øyrane. – Dette er ein tryllestav, men vi er ikkje heilt sikre på kvifor vi har laga den, seier gutane.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Slaskeklede, skulking og snus. Eller overlegne kloningar, Acne-skjerf og evig pugging. Korleis er eigentleg yrkesfag- versus studieelevar?

DEL

I årevis har det pågått rivalisering og ordslenging mellom Hafstad vidaregåande og Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Studiespesialisering er sosse-linja, medan Øyrane-folk er late. Vi har prata med elevar frå dei to skulane om fordommane.

Soss eller lat

– Ein merkar fort at Hafstad er mykje meir sossete og opptatt av klede og slikt, seier Joran Lassche (18) som går data og elektronikk på Øyrane.

Snobbete haldningar, mangel på individualitet og ei besetting av å få gode karakterar. Det er gjennomgåande assosiasjonar til den studieførebuande linja på Hafstad.

Øyrane har derimot rykte på seg for å vere staden å vere dersom du er lat og likar å skulke.

– For meg så er det ikkje noko val. Eg kan ha utruleg lite lyst til å sitte i timen, men eg veit at eg må det. Eg er oppdratt til at ein er på skulen for å lære.

Skulane

Det er to vidaregåande skular i Førde. Mo og Øyrane vgs. tilbyr YSK – service og samfunn, bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, naturbruk, restaurant- og matfag, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon.

Hafstad vgs. tilbyr studiespesialisering KDA – kunst, design og arkitektur, media og kommunikasjon.

Det seier Anders Steiro Herstad (17) på data og elektronikk.

Han synest det er dumt om stereotypar som berre gjeld nokre få, skal føre til at ein heil skule vert stempla.

Anna Kamilla Larsen (17) på studiespesialiserande på Hafstad meiner det er todelt.

– Både på Øyrane og Hafstad har du dei som går der fordi dei ikkje kom inn på noko anna, og så har du dei som går der fordi dei faktisk har lyst til det. Det ser du igjen på innsatsen, seier ho.

Hafstad-elevane skildrar late yrkisar som omtrent har spritflaska i baklomma, for ikkje å snakke om den forakta joggebuksa.

Men stadig tar dei seg i det, og følger opp utsegna med å påpeike at det er ein overdriven stereotype, at det i realiteten berre gjeld eit mindretal eller at utsegna rett og slett er feil.

– Stereotypane har røter i sanninga, men problemet er at dei er overdrivne, seier Nicholas Fikse Solsvik (18) på Hafstad.

Viktige yrke

Tal frå SSB viser at vi kan mangle 30.000 personar i bygg- og anleggsbransjen i 2025. Elevane vi har snakka med meiner yrkesfag sin status har auka.

– Det er alltid behov for nokon som bygger hus, tar seg av ungar eller fiksar øydelagd elektronikk. Desse yrka er nødvendige, konstaterer Annika Solheim (17) på barne- og ungdomsfag.

– Det er veldig feil dersom Øyrane blir sett på som lågstatusutdanning. Vi må jo ha yrkisar for at verda skal gå rundt, seier Silje Viktoria Gravdal Vallestad (17) på studiespesialiserande på Hafstad.

Vennskapleg erting

Studie-elevane verkar ein smule misunnelege på det faktum at Øyrane-elevar ofte kan begynne å jobbe med ein gong dei er ferdig med fagbrevet, mens Hafstad-elevar vanlegvis må gå på skule i fleire år til, før dei kjem seg ut i arbeidslivet.

– Eg har diskutert temaet med Hafstad-elevar, og vi konkluderte med at vi treng kvarandre. Når vi snakkar drit er det eigentleg ikkje vondt meint. Det er for det meste berre vennskapeleg erting, seier Anders.

Fått med deg bildeserien frå russerevyen? Sjå her!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken