– Vi burde nok ete meir fisk

Elevar på helse- og oppvekstfag ved Øyrane testar fisken. Billy- ferdigpizzaen på bordet ligg som reserve. Frå venstre: Tara Løvik (17), Benedikte Rotihaug (17). Bak til høgre: Emilia Gravdal (16) og Trude Fløtre (16).

Elevar på helse- og oppvekstfag ved Øyrane testar fisken. Billy- ferdigpizzaen på bordet ligg som reserve. Frå venstre: Tara Løvik (17), Benedikte Rotihaug (17). Bak til høgre: Emilia Gravdal (16) og Trude Fløtre (16). Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fiskar Jostein Hillersøy såg seg lei av Cola og bollar i skulekantinane. Torsdag serverte kokkelinja ved Øyrane vidaregåande både sei- taco, fiskeburgar og wraps med torsk.

DEL

– Eg trur ungdommen eigentleg liker fisk, men at mange kanskje ikkje heilt veit korleis dei lager det, seier fiskar Jostein Hillersøy.

Han såg seg lei av bollar og Cola i skulekantinane, og kontakta den vidaregåande skulen for å gjere noko med det.

Therese Sæbøe synest det er ein god idè å lage meir fiskerettar. Sjølv vil ho bli kokk for å jobbe med mat frå heile verda.

Therese Sæbøe synest det er ein god idè å lage meir fiskerettar. Sjølv vil ho bli kokk for å jobbe med mat frå heile verda. Foto:

I eit halvt år har kokkeelevane jobba med å utvikle ulike fiskerettar, og hamna til slutt på 12 forskjellige: Fiskeburgar, pastakarbonade, wok, fish and chips, torsk med nøttelakk, wraps med salsa, sei- taco, singalesisk torsk med nudler, fiskefingre og brosme med bacalao.

Gerd- Anne Følling Meyer (20) forberedar maten.

Gerd- Anne Følling Meyer (20) forberedar maten. Foto:

– Fisken er fiska av Jostein, og det er fint at fisk kan brukast i mange rettar. Det er ikkje alle som liker kjøt, seier kokkeelev Therese Sæbøe, som har drøymt om å bli kokk sidan barnealder.

Ho håper elevane vil like fisken, og at dei vil bli inspirert til å lage meir fisk sjølv.

Sakna sunn mat

Malene Eldevik har vore på kjøkkenet sidan halv ni om morgonen. Til liks med Sæbøe trur ho at elevane vil sete pris på fisken, og at dei har sakna meir sunn mat i kantina.

– Fisk inneheld mykje Omega 3, og er både sunt og godt. Til vanleg eter folk mykje smørbrød med ost og skinke i kantina, fortel Eldvik.

(Saka held fram etter bildet)

Malene Eldevik går på restaurantlinja på Øyrane, og har laga fiskerettar sidan halv ni om morgonen.

Malene Eldevik går på restaurantlinja på Øyrane, og har laga fiskerettar sidan halv ni om morgonen. Foto:

Hillersøy budde sjølv på hybel som 15- åring, og minnast mykje prosessert mat.

– Fisk er lett å lage, og trenger berre 4–5 minutt steiketid. Presentasjon har også mykje å seie, så vi har forsøkt å få til både presentasjon og smak.

Fiskar Jostein Hillersøy ber inn og ut fat med fiskerettar til elevar og tilsette ved Øyrane.

Fiskar Jostein Hillersøy ber inn og ut fat med fiskerettar til elevar og tilsette ved Øyrane. Foto:

Skeptisk til oppdrett

Hillersøy er skeptisk til oppdrettsfisk, og påpeiker at fisken dei har brukt både er kortreist og miljøvennleg fanga.

– Dette er vill fisk som vi veit kva inneheld, og som har blitt fanga med minimalt oljeforbruk.

Nathaniel Eide (17) (t.v) og Elias Løtuft (16) lovar å lage meir fisk.

Nathaniel Eide (17) (t.v) og Elias Løtuft (16) lovar å lage meir fisk. Foto:

Som fiskar ser eg auka interesse for lokal fisk. Kvifor skal den sendast og tilverkast i Kina, når vi kan gjere det her, spør fiskaren.

Nathaniel Eide og Elias Løtuft venta lenge på at maten skulle serverast, og var storfornøgde då dei endeleg fekk smake.

– Strålande, veldig godt, seier begge to.

Dei eter fisk 1–2 gonger i veka, og synst kanskje det er litt vanskeleg å lage.

– Men no skal vi prøve, seier gutane.

– Burde nok ete meir

Trude Fløtre, Emilia Gravdal, Tara Løvik og Benedikte Rotihaug går alle i 1. klasse på helse og oppvekst- fag. Sjølv om dei lærar om kosthald i faget, tilstår dei at det blir mykje sjokolade og baguetter i kantina.

– Det er ofte lett å velje usunt. Det er ikkje godt å vite kva som er putta i ferdigmaten heller, seier Tara Løvik.

Avdelingsleiar på restaurant- og matfag, Kari- Ann Bruland, håper prosjektet vil inspirere elevane.

Avdelingsleiar på restaurant- og matfag, Kari- Ann Bruland, håper prosjektet vil inspirere elevane. Foto:

Jentene er imponerte over maten elevane har laga.

– Dette er veldig godt, det ser delikat ut, i tillegg til at det er sunt. Ungdommar burde ete meir fisk. Det skal vi gjere no, seier dei alle fire.

Håpar på inspirasjon

Avdelingsleiar på restaurant- og matfag, Kari- Ann Bruland, er nøgd med elevanes respons.

– No har dei stemt over kva dei likte best, og så skal vi ha desse i ein brosjyre til heimesida vår. Slik håper vi elevane kan bli inspirert til å lage fisk sjølve, og til å få betre helse på lengre sikt, seier Bruland.

Artikkeltags