Viss du kunne vore rektor på skulen din i ein dag, kva ville du gjort?

Eg hadde sett ned prisane i kantina, latt elevane gå heim litt tidlegare, og arrangert grillfest i skulegarden. Kantina synest eg er litt for dyr, og vi er mange som har lange dagar på skulen. Det å gå til klokka 16:00 fire gongar i veka kan vere litt tungt. Grillfest vil eg berre ha fordi alle likar ein god grillfest!

Kva er du redd for?

Akkurat no er eg ganske redd for å ikkje komme inn på noko vidare studium. Det å flytte heim og sitte igjen med ingenting å gjere på er ikkje så veldig freistande.

Kven er forbildet ditt?

Eg finn ulike ting ved ulike personar som eg likar. Eg ser heller opp til delar av fleire personar, eller enkeltting dei gjer, heller enn ein spesifikk person.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

Vi skulle finne nokre ord eller setningar som vi kunne bruke i ei førestilling som vi skal gjere på dramalinja, så då gjekk vi rundt og tok bilde av litt tilfeldige plakatar som vi fann.

Les også

Ingrid vil gå på arkitektskule, men er redd for å ikkje komme inn

 

Når laug du sist?

Før i dag, då vi blei spurt om vi hadde gjort norskleksa. Eg hadde ikkje gjort den.

Kva var den siste songen du høyrde på?

I don't like mondays av The Boomtown Rat.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Då ville eg gått tilbake til ungdomsskulen og bedt meg sjølv stresse ned. Eg stressa veldig mykje over karakterar på ungdomsskulen, og det sleit meg heilt ut. Hadde eg visst kor lite viktig dei karakterane eigentleg var, ville ungdomsskulen vore mykje lettare.

Kva var det siste du googla?

Våt Moro 2018.

Kva er din store draum?

Akkurat no har eg veldig lyst til England og studere der. Eg har alltid vore veldig glad i England og engelsk. Eg har vore i fleire engelske byar, og eg har lyst å prøve noko som er litt annleis enn Noreg.

Kva for kjendis kunne du tenkt deg å gått på date med?

Brooklyn Beckham. Alle som kjenner meg veit at eg syns han verkar som ein ordentleg kul type.