Skule og barnehage blir framleis stengt til over påske

MÅ HALDE FRAM MED TILTAK:
Statsminister Erna Solberg held pressekonferanse i dag, tysdag 24. mars.

MÅ HALDE FRAM MED TILTAK: Statsminister Erna Solberg held pressekonferanse i dag, tysdag 24. mars. Foto:

Under pressekonferansen tysdag vart det opplyst at tiltaka held fram til 13. april for å vite om tiltaka fungerer.

DEL

Statsminister Erna Solberg opplyser at tiltaka skal halde fram til over påske. Førebels fram til 13. april.

– Det betyr nye veker med sterke avgrensingar i livet, seier ho.

Årsaka er at det framleis er folk som blir smitta. Sjølv om berekningane til helsemyndigheitene syner at tiltaka vi har gjort til no har fungert, trengst det eit breiare grunnlag for å sjå kva tiltaka fører til. Først då kan tiltaka mjukast opp, opplyser Solberg.

Helseminister Bent Høie bekreftar at skular og barnehagar framleis skal vere stengde.

– Vi held oppe alle tiltaka, både om handhygiene og dei strenge tiltaka, seier Høie.

Strengare reglar om grupper

Tiltaka vil vedvare med reglane om karantenetid på 14 dagar etter heimkomst frå utanlandsreise, 14 dagar i karantene ved symptom på sjukdom eller om ein har vore i direkte kontakt med nokon som er påvist smitta. Det blir framleis isolasjon for dei som er påvist smitta, og no oppmodar helsemyndigheitene om å halde minst to meters avstand, i staden for ein.

– Vi skjerpar tiltaka om kor mange personar som kan vere samla. Det skal ikkje vere fleire enn fem personar samla på ein plass, med mindre det er ein familie, seier Høie.

Også reglane om at helsepersonell som jobbar med pasientbehandling ikkje får reise utanlands held fram. Dette vil førebels gjelde ut april månad. Helsemyndigheitene oppmodar om å halde fram med heimekontor.

Stenging av arrangement, treningsenter, symjehallar, frisørar, hudpleie og anna vil halde fram.

Vil auke kapasitet og skjerme eldre

– Vi treng tid til å innhente meir kunnskap, seier Høie.

No vil helsemyndigheitene fokusere på personar som treng innlegging på sjukehuset og arbeide for å framleis ha stor nok kapasitet innan helsetenestene. Høie seier vidare at dei no vil sjå på tiltak for å skjerme eldre og personar i risikogruppa på ein betre måte.

– Målet er å ta kvardagen tilbake så raskt som mogleg, og at jo flinkare vi er til å følge tiltaka no, jo raskare kan det bli ein realitet, seier Solberg.

12 menneske er no døde grunna koronaviruset i Norge. Éin av dei i Vestland fylke.

Artikkeltags