– Det vil nok vere såpass at ein vil merke det, seier einingsleiar for bygg og eigedom Ørjan Stubhaug i Sunnfjord kommune tysdag.

Nokre timar tidlegare hadde lag og organisasjonar som nyttar idrettshallane til kommunen blitt orientert om at temperaturen i hallane frå nyttår av er sett ned.

Dette gjeld idrettshallen i Førdehuset, i tillegg til idrettshallane på Halbrend, i Naustdal, på Vassenden og på Sande.

– Vi har no sett temperaturen ned eit par-tre grader, litt avhengig av kva temperaturar som er der frå før, og så prøver vi på 16 grader i alle hallane. Det er innanfor det som er akseptert ramme for temperaturar, men det er klart ein vil merke det om ein ikkje er i aktivitet, seier Stubhaug men legg til at publikum ikkje vil merke så veldig stor skilnad. Temperaturen er innanfor det som er tillate.

Håpar å spare 15 prosent

Grunnen til at temperaturen no er sett til 16 grader, er dei høge straumprisane om dagen.

– Det er klart; det er ein alvorleg situasjon og kommunen har ikkje meir pengar enn det vi har. Vi har eit felles ansvar for å passe på energibruken, seier Stubhaug.

Nøyaktig kor mykje kommunen kjem til å spare ved å setje ned temperaturen, er det for tidleg å seie noko om.

– Det er vanskeleg å seie, men vi håper å ta ned det samla straumforbruket med 15 prosent. Med dagens straumprisar er det ei betydeleg innsparing, seier Stubhaug.

Utelukkar ikkje noko

– Kan det vere aktuelt å setje ned temperaturane i gymsalane på skulane?

– Gymsalane er såpass mykje mindre enn idrettshallar, så det vil ikkje gi den store gevinsten å setje ned temperaturen der, svarar Stubhaug.

– Har de vurdert å redusere temperaturen i andre bygg eller i bassenget i Førdehuset?

– Vi vurderer alt, og det er klart bassenga kostar mykje i energi, men eg trur ikkje vi skal gjere noko med det førebels, seier Stubhaug.

– Forstår det

– Eg forstår det, og vi løyser det.

Det seier sportsleg leiar Øyvind Vraalsen i handballen i Førde. Han ser pragmatisk på at kommunen no må setje ned temperaturen til 16 grader.

– Eg trur ikkje det har så stor betydning for dei aktive, det einaste er at ein kanskje må varme opp med bukse og genser. Så må dei som sit og ser på ta på seg varmare tøy, seier Vraalsen.

Han synest det er forståeleg at kommunen no vel å skru ned temperaturen, så dyr som straumen har blitt.

– Alternativet hadde vore å skru opp leigeprisen, og det ønsker vi ikkje. Så vi tar dette på strak arm, seier Vraalsen.