Torsdag klokka 16:30 sender NRK direkte frå noregsmeisterskapen i vektløfting, som skjer i Skien.

Sendinga filmar den siste puljen, pulje 10, der Ine Andersson, Marit Årdalsbakke og Julia Jordanger Loen løfte. Dei representerer Tambarskjelvar IL og Breimsbygda IL.

Ine Andersson vart europameister i støt med 118 kg under EM i Albania i slutten av mai.

Onsdag løfta Alvolai Røyseth og Kristen Røyseth for Tambarskjelvar IL, medan klubbkameratane Ragnar Holme, Lone Kalland, Mariell Rørstadbotnen, og Tine Rognaldsen Pedersen var på matta tidlegare i dag, torsdag.

Breimsbygda IL har i tillegg til Julia Jordanger Loen tre utøvarar med i meisterskapen. Desse er Robert Andre Moldestad, Bent Andre Midtbø, og Edvin Øygard. Alle konkurrerte onsdag.