Gå til sidens hovedinnhold

Skrinlegg Hafstadbrua

Artikkelen er over 2 år gammel

Debatt Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I Firda for laurdag den 9. feb. kan vi lese at det finst ikkje eit godt (eigentleg: ikkje akseptabelt) alternativ for ny køyrebru over Jølstra, frå Angedalsvegen til Hafstad. Likevel ber prosjektleiaren for Førdepakken om at politikarane no må gjere eit val. For – som han seier – denne saka ligg som «ein propp» i Førdepakken. Mi meining er at den beste måten å få fjerna denne proppen på, er å skrinlegge prosjektet. Det er det valet politikarane no bør gjere. Og det finst fleire gode grunnar til eit slikt val.

 

Les også

Vegvesenet har bestemt seg for bruløysing i Førde

 

Trafikkplanen for Førde sentrum inneber at sjølve sentrumskjernen vert omgjord til ei trafikkmaskin, i og med at det er planlagt nye køyrebruer frå Angedalsvegen til Hafstad, og frå Indre Øyrane til LaSngebruvegen/Domus-krysset (på kartet merka høvesvis A – F og Ø – L). Dette er dei to hovudelementa som fører til kanalisering av store trafikkmengder gjennom sentrumskjernen.

Med ein vesentleg auke i trafikale og miljømessige ulemper, som desse tiltaka medfører. Er det nokon som meiner at ein slik plan er framtidsretta? Kor elles på denne kloden planlegg ein byar og tettstader etter slike forelda prinsipp? I ei tid då alle slike stader tek i bruk omfattande verkemiddel for å få bort biltrafikken frå sentrum, for å gjere sentrumsområda meir miljøvenlege og attraktive, for menneske.

Denne trafikkplanen for Førde sentrum er det politikarane no bør velje bort. Og, det finst svært gode – og langt meir framtidsretta – alternativ. Her skal eg vise til eitt, som kanskje er det mest nærliggande, rimelegaste og enklaste å gjennomføre.

Den går ut på å bygge tunnel frå Storehagen bru/Førde hotell, til Hafstad. Den vil erstatte planlagde bruer over Jølstra (A – F) og Løken (Ø – L), og vil gje langt betre vilkår for trafikkavvikling. Bygginga av tunnelen vil vere eit isolert anlegg, som ikkje forstyrrar pågåande sentrumstrafikk.

Rv 5 (Naustdalsvegen) over Øyrane fram til påhogget av tunnelen, kan utvidast til firefeltsveg, utan ulempe for tilgrensande verksemder.

Så enkelt kan ein langt betre og meir framtidsretta plan for sentrumstrafikken etablerast. Og den vil utgjere ein naturleg del av ein framtidig sentrumsring, saman med ny rv. 5 nord for sentrum. Som går i tunnel frå Kletten til Prestefossen bru, og blir ein rask og uhindra veg til Sjukehuset.

Kommentarer til denne saken