Gå til sidens hovedinnhold

Skogsarbeidar fall ned skrent og hamna i elva

Artikkelen er over 1 år gammel

Kom seg på land og vart teken hand om av ein kollega.

Vest politidistrikt melder torsdag om eit arbeidsuhell i Lærdal.

Klokka 12.17 kom meldinga om at ein skogsarbeidar hadde falle ned ein skrent og ut i ei sideelv i Lærdalen.

Skogsarbeidaren skal ha kome seg sjølv på land og vart der teken hand om av ein kollega.

Naudetatane vart også sendt til staden, og dei er framme.

Politiet melder at den skadde vert frakta til redningshelikopter. Han skal vere vaken, i følgje politet.