– Det er nesten så eg sel huset mitt og bygger nytt der oppe viss dette blir.
Det sa Marius Dalin (MDG) då han og resten av formannskapet vedtok å legge detaljreguleringa for Kvamme i Førde ut på høyring.
Xform Eigedom AS og konsulentselskapet Norconsult har laga planen, som inneheld 12 einebustadtomter langs elva Anga ved Tefrevegen i Førde.
Området femner om kring 46 dekar. Det er regulert til bustad, og inneheld allereie to einebustadar som ligg langs Tefrevegen.
– Slik vi ser det kan dette bli attraktive bueiningar som er sentrumsnære og i tillegg veldig landleg og vakkert i Angedalen, sa Helge Robert Midtbø (Ap).
(Teksten held fram under bilda)
Har versert i fleire år
Prosjektet har versert i systemet i nokre år. Mellom anna hadde Vegvesenet og NVE motsegner til prosjektet, som i si tid starta i Førde kommune.
I 2019 sette NVE motsegn. Mellom meinte dei det var urealistisk å få god nok sikring mot erosjon. Området ligg i lausmassar, og dessutan i skjeringa mellom bekken Gilgrova og elva Anga. Det er ganske bratt frå ytterkanten av tomtene og ned til elva.
No er prosjektet endra, mellom anna ved at utbyggarane har redusert prosjektet frå 20 til 12 bustadtomter, teke vekk ein leikeplass og ein gangveg.
Midtbø meiner no det er fornuftig å prøve prosjektet på nytt.
Trafikksituasjonen står att
Men Vegvesenet sine innvendingar står framleis i vegen for utbygginga. Mellom anna spørsmålet om Ryggjabrua, altså den gamle trebrua over Anga. Den ligg like nord for det aktuelle området. Vegvesenet kravde ein tilstandsrapport av denne brua.
Den rapporten vert snart offentleggjort, men allereie no er konklusjonen klar: Ryggjabrua er i svært dårleg stand. Mellom anna har brua «skader som kan vere av vesentleg betydning for bereevne».
Skadane vil koste fleire millionar å reparere, men dette har ikkje kommunen sett av pengar til per i dag. Brua er kommunal, men på begge sider av brua er det fylkesveg.
(Teksten held fram under bilda)
Fekk ikkje lov til å sette ned fartsgrensa
Vegvesenet kunne heller ikkje sjå at skulevegen var trygg, noko som er eit krav til alle nye bustadfelt. Det er i dag 80-sone på fylkesvegen forbi byggefeltet.
Både Sunnfjord kommune og private aktørar har søkt om å sette ned fartsgrensa til 50 km/t. Alle fekk nei frå Vestland fylkeskommune.
Grunngjevinga var at området ikkje er «tettbygd strok». I tillegg viser fylket til fartsmålingar på staden, som seier at den reelle gjennomsnittsfarten faktisk er ein stad mellom 50 og 60 km/t.
– Dette er ei utbygging som har veldig mange gode kvalitetar med seg, men som er utfordrande å løyse, sa Gunn Merete Paulsen (V) og sikta til at Vegvesenet sine innvendingar framleis ikkje avklara.
Likevel la altså politikarane planen ut på høyring, vel vitande om at det mest truleg blir meklingar med Vegvesenet for å få løyst floken.
Tanken bak det, var å få inn mest mogleg av det som måtte finnast av andre innvendingar, før ein set seg til forhandlingsbordet med vegmyndigheitene.

Byggefeltet har fått tre nei. No tar kommunen prosjektet i forsvar

NVE, Statens vegvesen og Fylkesmannen seier nei til planane

Vil stenge Tefrevegen for trafikk dersom det kjem nytt bustadfelt

Nytt bustadfelt ut på høyring. Men det er eitt problem: – Uforsvarleg med større trafikk på Tefrevegen

Her vil Xform bygge 16-20 einebustader i Førde
