Politiet melde klokka 13.30 laurdag ettermiddag om skogbrann ved eit hyttefelt på Herland på Atløy, i Askvoll kommune.

Området som brann skal vere om lag 200 til 300 kvadratmeter stort. Førebels er brannen om lag 300 til 400 meter frå næraste busetnad.

Trond Landaas, vaktkommandør i 110 Vest, sa at mannskap allereie var framme på plassen.

– Mannskapet jobbar no med å få oversikt over situasjonen, sa han.

Både politi og meir mannskap frå brannvesenet var då på veg.

Landaas fortel at meldinga om brannen kom frå personar frå staden.

– Vi vil få oppdateringar frå mannskapa etter kvart som dei har fått oversikt og startar med tiltak.

Folk på staden seier til Firda at vinden kjem frå sør. Flammane bles derfor vekk frå hyttefeltet.

Klokka 13:30, om lag ein time etter første melding, melder brannvesenet at dei har kontroll på staden. 110 Vest melder på Twitter at det er sterk vind, og at mannskapa derfor blir verande ei tid framover.