Frå 2023 kjem det nye krav til rømmingssikker utforming og drift av oppdrettsanlegg.
– Vi har no fastsett eit revidert regelverk som aukar tryggleiken mot rømming av fisk på oppdrettsanlegga samtidig som det gir næringa meir fleksibilitet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressmelding.
Reglane skal bidra til å førebyggje rømming av oppdrettsfisk gjennom å sikre forsvarleg teknisk standard på anlegga.
Krava til rømmingstryggleik på oppdrettsanlegga er skjerpa i den nye forskrifta.
– Rømming har dei siste åra hovudsakleg skjedd i samband med arbeidsoperasjonar og sjølve drifta. Derfor skjerpar vi også krava til utstyr som blir brukte i samanhengar der fisk har rømt, seier fiskeriministeren.
(©NPK)