På pallen etter å ha gått seg opp 22.-plassar

GJEKK SEG OPP: Håvard Gutubø Bogetveit gjekk seg opp heile 22.-plassar og enda på 3.-plassar. Bildet er frå EM i Ridnaun.

GJEKK SEG OPP: Håvard Gutubø Bogetveit gjekk seg opp heile 22.-plassar og enda på 3.-plassar. Bildet er frå EM i Ridnaun. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Håvard Gutubø Bogetveit parkerte OL-klar utøvar og gjekk seg opp på pallen under IBU-cup.

DEL

Skiskyttaren Håvard Gutubø Bogetveit gjekk eit godt løp i helga under laurdagens jaktstart i IBU-cupen.

Etter å ha enda på 25.-plass på sprinten i Martell-Val Martello på fredag, gjekk han seg opp heile 22.-plassar på laurdag. Saman med landsmann Aslak Nenseter var dei to dei einaste som skaut fult hus på alle fire skytingene.

Det haldt til ein solid 3.-plass føre sterke løparar som Vetle Sjåstad Christiansen og Simon Fourcade, som brukar løpet som opplading til OL i Sør-Korea. Vinnaren blei russaren Alexander Loginov, som gjekk i mål nærmare tre minutt føre Dmitry Nalyshko som tok 2.-plassen.

Under Noregscupen i skiskyting leverte Førde-løpar Ole Martin Erdal ein sterk prestasjon. På sprinten gjekk han inn til 2.-plass, 5,7 sekund bak vinnaren Bjarte Solvang. Under fellesstarten tok Johan Eirik Meland frå Stryn 3.-plassen.

Artikkeltags