No er Tarjei Bø tilbake i verdscupen

TILBAKE: Tarjei Bø under herrestafetten for menn, skiskyttar-VM i 2016.

TILBAKE: Tarjei Bø under herrestafetten for menn, skiskyttar-VM i 2016. Foto:

FRAMGANG: Den sjukdomsplaga 28-åringen er tilbake i manesjen over nyttår.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Tarjei Bø måtte stå over sesongopninga på Sjusjølen, på grunn av mystiske fysiske plagar. Legane har ikkje visst kva som er gale, men no er det opplagt betre tider i sikte.

Over nyttår reiser skiskyttarane til Oberhof, og Tarjei Bøe er mellom dei som skal kappast, saman med veslebroren Johannes Thingnes Bø. Den fjerde runden i verdscupen går frå 5. til 8. januar.

Skiskyting.no melder at dette er mennene og kvinnene som dreg til Tyskland:

Menn:
Ole Einar Bjørndalen, Simostranda IL
Johannes Thingnes Bø, Markane IL
Emil Hegle Svendsen, Trondhjems Skiskyttere
Tarjei Bø, Markane IL
Lars Helge Birkeland, Birkenes IL
Erlend Øvereng Bjøntegaard, IL Bevern

Kvinner:
Tiril Kampenhaug Eckhoff, Fossum IF
Fanny Horn Birkeland, Oslo SSL
Marte Olsbu, Froland IL
Hilde Fenne, Voss SSL
Kaia Wøien Nicolaisen, Asker SK

Artikkeltags