18 år gamle Karoline Erdal frå Førde starta skiskyttarsesongen på best tenkeleg måte på Sjusjøen søndag.
Les meir: Verdsmeister imponert over Karoline Erdal
På fellesstarten vart ho best av dei norske etter å ha skote feilfritt på alle fire skytingane. Ho klarte ikkje å matche dei beste i sporet, men sikra seg ein solid fjerdeplass.
– Eg trudde junior-VM ville vere toppen i nokre år, men dette er sjukt og stort, seier Erdal til NRK.
Tidlegare i år kom ho heim frå junior-VM i Romania med to medaljar; gull i sprint og bronse i stafett.
Fekk 15 000 kroner
Som ei ekstra oppmuntring på ein allereie god dag, fekk ho tildelt eit stipend på 15 000 kroner frå DNB. Hensikta med stipendet er å hjelpe fleire utøvarar på vegen mot ein mogleg internasjonal karriere.