Skilt i vegbana og oljesøl stengde tunnelar

Flenjatunnelen, Gudvangatunnelen og Fretheimstunnelen vart alle stengt i same tidsrom onsdag. Etter oppryddingsarbeid er alle no opna att.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melder onsdag ettermiddag at E16 Flenjatunnelen no er stengt. Dette grunna at eit skilt ligg i vegbana.

Entreprenør er sendt til staden og er venta om lag 30 minutt frå tidspunktet stenginga vart meldt; klokka 17.50.

Også Gudvangatunnelen er meldt stengt. Dette for å hindre at det dannar seg kø inne i denne tunnelen.

Klokka 18.18 blir det også meldt at Gudvangatunnelen og Fretheimstunnelen er stengt grunna større øljesøl. Det vart innført manuell dirigering og periodevis stenging, men klokka 21.21 er det meldt at alle dei tre tunnelane er opne for fri ferdsel.

Artikkeltags