Gå til sidens hovedinnhold

Skiløpar har meldt om snøskred ovanfor Sogndal skisenter

Ingen er meldt sakna.

Klokka 11.15 onsdag fekk politiet melding frå ein skiløpar om at det har blitt utløyst eit snøskred ved Blåfjell ovanfor Sogndal skisenter i Hodlekve.

Dette melder Vest politidistrikt like før 13.30 onsdag ettermiddag. Politiet melder at det skal vere totalt tre snøskred som er utløyst. Dei skal vere av ulik storleik.

Ein person skal vere sett i nærleiken av skredet, men vedkommande har kome seg til skisenteret i god behald.

Redningshelikopter, luftambulanse, mannskap frå Røde Kors-mannskap, redningshundar, personell frå skisenter og politi er i området.

Ingen personar er meldt sakna, og ingen er observert tatt av skredet, men redningsmannskap held på å få oversikt over skiløparar i området.

Les også

Tre snøskred på populær toppturplass: – Ingen teikn til at nokon er tekne