Foreldra til verdsmeisteren: – Det er umogleg å bli stoltare no!

Stolte foreldre: Oda Karin Hope og Terje Skamo i Sveits. Dei var naturleg nok kjempestolt etter sonens VM-gull.

Stolte foreldre: Oda Karin Hope og Terje Skamo i Sveits. Dei var naturleg nok kjempestolt etter sonens VM-gull. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SVEITS: Terje Skamo og Oda Karin Hope følgde sonens gulløp tett langs løypa i Obergoms.

DEL

– Det er umogleg for meg å bli stoltare no, men han hadde ikkje trengt å gjere det så spanande. I hans tredje VM så klaffar det endeleg, seier far Terje Skamo etter at Jon Rolf Skamo Hope har blitt verdsmeister for junior på 10 kilometer klassisk.

Les også: – Dette har vore målet i to år. Vanvittig kjensle!

I lag med mor til Skamo Hope oppheld far Terje Skamo seg i Sveits. Dei følgde sonen tett langs løypa i Obergoms. Han fortel om eit svært spanande løp.  

– Jon Rolf gjekk fornuftig ut. Han starta roleg og gjekk meir og meir på inn i løpet. Han blei sekundert og vi hadde postar overalt. Spenningsnivået var skyhøgt både hos meg og mora. I det eine augneblikket var han fire sekund bak russaren, i det neste var han tre sekund føre. Det var verkeleg moro at han klarte å vinne denne sekundstriden.

– Betyr alt

Far Skamo er klar på kor mykje dette betyr for Jon Rolf.

– Dette betyr alt for han. Slik situasjonen er no, med den tøffe konkurransen kan eit junior-VM gull vere verdt utruleg mykje. Han har sakna dette gullet og det har ikkje vore enkelt.

Skamo utelukkar ikkje at dette gullet kan bety at sonen får plass på rekruttlandslaget. Ifølge han er det det som er det store målet no.  

– Jon Rolf har lagt ned ekstremt mykje trening for å komme hit. Vi har køyrd han rundt overalt og har måtte skaffa avløysar for å kunne vere her å følge han i dag. No håpar eg nokon kan få augne ordentleg opp for han slik at det blir lettare å satsa framover. Det er lenge sidan eg har sett han så glad.

Ifølge Skamo blir det ikkje mykje tid til å kvile på laurbæra for Skamo Hope. Allereie torsdag skal han gå 20 kilometer duatlon med skibyte før det blir stafett på laurdag. Etter VM står noregscup for tur. Der skal Skamo Hope gå sprint på 20-års dagen sin, 17. februar.

Timeout frå jobb

Roger Aa Djupvik, dagleg leiar i Nordfjordrådet, har sjølv drive aktivt med langrenn i ei årrekke. Han følgde løpet til sambygdingen frå jobb.

– Eg må innrømme at eg tok ein timeout på jobb for å kunne følge løpet på nett. Det var ein fantastisk prestasjon og han har no oppnådd det gjævaste du kan oppnå som junior løpar. Dette var eksepsjonelt bra.

Djupvik held ikkje tilbake når han fortel om Skamo Hope som løpar.

– Han har ein flott kapasitet og har tatt store steg teknisk. Når du legg saman det er det klart han går fort. Han har tatt det steg for steg og verker å vere ein fornuftig type. Eg håpar og trur dette er byrjinga på noko større.

Sjølv om Skamo Hope lykkas som junior er det ifølge Djupvik inga garanti for suksess også som seniorløpar.

– Det han må gjere no er å fortsette med det som har fungert for han. Mange juniorar blir for ivrige når dei skal opp på seniornivå. Ting tar tid og han må fortsette å utvikle seg i sitt tempo. Eg trur han har den rette treningsiveren og fornufta til å kunne lykkas også som senior.

I likskap med Skamo Hope er Djupvik frå Hyen. Han legg ikkje skjul på at det er ekstra moro at ein sambygding lykkas på denne måten.

– Dette betyr nok veldig mykje for interessa i heile Sogn og Fjordane. Jon Rolf er ein fantastisk ambassadør for heile fylket og ein veldig stor inspirasjon for dei yngre som kjem opp etter han. Det er ekstra artig at han kjem frå Hyen. Eg veit at dette betyr ekstra mykje for mange som har stått på og jobba for at ungdom skal kunne drive på med langrenn i bygda.  

Artikkeltags