Gå til sidens hovedinnhold

Uten snø sel dei ikkje ski, men sykkelsalet trår til

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Sportsbutikkane i Førde har fått merke at det enda ikkje har snødd i februar. Meir uventa var det at syklar gjer opp for nedgangen i skisalet.

– Talet syklar som kjem på service er uvanleg høgt, samanlikna med i fjor har vi hatt ein 300–400 prosent auke. Etterspørselen etter sykkel er heilt spesiell no midt på vinteren. Eg trur fleire gjer seg klar til sesongen som kjem, seier Tom Wangensteen frå Erdal Sport.

– Vi sel ein god del syklar no, i vintermånadane så langt har vi selt dobbelt så mange syklar samanlikna med året før. Eg trur fleire og fleire syklar heile året, for salet av piggdekk har auka veldig, seier Roger Aase, dagleg leiar ved Sport 1 Førde.

Roleg periode

– Februar i fjor var ein veldig god månad, men sidan månadsskiftet frå januar no har det vore veldig svakt med skisalet. Det har likevel begynt å ta seg litt opp med kuldebølgen no, seier Aase.

Wangensteen fortel at det har vore veldig stille i månadsskiftet, når det kjem til sal av ski. Midt i intervjuet vart han avbroten av ein som ringde og skulle ha seg bindingar, så heilt dødt er det likevel ikkje.

Betre i januar

Dei hadde begge ein veldig god januarmånad, trass i dei dårlege føresetnadene.

– Januar gjekk overraskande bra, det var ei auke i salet samanlikna med i fjor, sjølv om vêrforholda var dårlegare, seier Wangensteen.

Roger Aase seier han trur fleire no drar ut og oppsøker snøen, og at januarsalet deira både i år og i fjor gjekk veldig bra.

Kommentarer til denne saken