Skamo Hope tok ny medalje under junior-VM

NY MEDALJE:Tok sølv under dagens duatlon.

NY MEDALJE:Tok sølv under dagens duatlon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

OBERGOMS: Leverte nok eit sterkt løp under 20 kilometer duatlon i Sveits.

DEL

Jon Rolf Skamo Hope viste nok ein gong kva han var laga av, under torsdagens duatlon i Obergoms. Etter 10 kilometer med klassisk og 10 kilometer fristil enda guten frå Hyen på 2.-plass av totalt 85 startande.

Tysdag gjekk Hyen-løparen inn til gull på 10 km klassisk. Torsdag var berre slått av landsmann Harald Østberg Amundsen.

Amundsen avgjorde løpet då han allereie fem kilometer før mål skaffa seg ei luke på Skamo Hope. Trass i eit heiderleg forsøk klarte aldri hyaren å hente inn forspranget. Han gjekk i mål 35 sekund bak vinnaren, i det som må kunne kallas nok eit sterkt løp frå det unge talentet som deltar i sitt tredje junior-VM. På 3.-plass kom nordmannen Joergen Lippert, som sørga for at det blei heilnorsk på pallen.

Skamo Hope var opptatt av å nullstille seg etter gullet tysdag. Det verka det også som han hadde fått til.

Like før blomsterseremonien blei Skamo Hope intervjua av speaker i Obergoms. Han var tydeleg fornøgd med sølvet, grunna den lange luka fram til vinnaren.

– I dag vant eg sølv. Eg var utruleg sliten då Amundsen gjekk ifrå. Junior-VM har vert ein draum som går i oppfylling for meg.

På speaker sitt spørsmål om kva Skamo Hope tenker om OL i Beijing i 2022 var Skamo Hope klar.

– Dit vil eg, svara ein sliten, men nøgd hyar.

Først ut

Med startnummer ein leda Skamo Hope an feltet føre 85 løparar frå 25 forskjellige nasjonar. Allereie på passering 1,3 kilometer hadde han, saman med russaren Kirill Kilivnyuk og landsmann Harald Oestberg Amundsen, begynt å køyre så hardt at feltet sprakk opp. 

Tøffe forhold med nysnø la til rette for eit krevjande løp. Halvvegs ut i klassiskdelen av løpet låg Skamo Hope stadig i front, i ei stor gruppe. Ved skibyte etter ti kilometer hadde det danna seg ei mindre gruppe i front beståande av ni løparar. Blant dei ni var Skamo Hope godt plassert, fremst i feltet. 

Det skulle ikkje ta lang tid i fristil før Skamo Hope, saman med Amundsen og franskmannen Hugo Lapalaus, sette fart og distanserte resten av feltet. Like etter var også franskmannen hekte av. Det heile låg an til å bli ein heilnorsk duell om gullet.

Det var tydeleg at Amundsen ville gjer det så lite spanande som mogleg. Etter dryge 14 kilometer sette han inn eit ekstra gir i ein motbakke, og fekk raskt ei luke på Skamo Hope. Frå dette punktet blei hyaren liggande åleine med ei gruppe jagande bak seg. 

Ny spenning

Med ei luke på 10 sekund såg det ut til at Amundsen skulle kruse inn til seier, men Skamo Hope hadde ikkje tenkt å gi seg utan kamp. Han halverte luka og det var nok ein gong spenning om kven som skulle ta gullet. Det kosta likevel for mykje for Skamo Hope, og han fekk det tøft mot slutten av løpet. Til slutt gjekk han i mål som nummer to, 35 sekund bak landsmann Amundsen. På 3.-plass kom norske Joergen Lippert.

Artikkeltags