Gjøran Tefre gjekk ein god prolog under verdscupen i Lahti laurdag. I det alle løparane var i mål låg Tefre på ein åttande plass. Det var berre 4.20 sekund bak sprintkongen Johannes Høsflot Klæbo.

Tefre gjekk sin kvartfinale klokka 13.59, og i heatet simm møtte han Suhonen, Pentsinen og Jylhae frå heimenasjonen Finland. I tillegg gjekk Jouve frå Frankrike og Schaad frå Sveits i same heat.

Svært nære semifinale

I kvartfinalen var Tefre svært nære å ta seg vidare til eit av dei to semifinaleheata.

Han hadde ryggen på dei to i teten på oppløpet, men fire mann la seg i fire spor på oppløpet vart det trangt for Førde-løparen å komme forbi.

Han enda til slutt på tredjeplass i heatet, på tida 3:04.5, 0.32 bak vinnaren, franske Jouve. Finske Pentsinen kom i mål på tida 3:04.3.

– Bittert

Laurdagens sprint var Tefre sin andre verdscupdeltaking. Hans førre sjanse i konkurranse med dei beste var i 2015 på Lillehammer. Plasseringa hans på laurdag, sikra hans første verdscup-poeng, men Tefre var klar på at han hadde meir inne.

– Det er bittert. Eg følte eg var med, men fekk ein litt dårleg posisjon inn i bakken og kjem på etterskot, seier Tefre til NRK etter løpet.

Han fortel at han kom bra inn i siste svingen, men at det vart trongt etter at ein av konkurrentane la seg litt inn i den eine korridoren der han sjølv skøyta.

– Då mista eg kontakten. Det er kjedeleg, seier Tefre.

Han kjende seg bra, og meinte han var god nok til å kunne gå vidare.

– Men det er litt tøffare her enn eg er vand med heime i Førde. Men det var ein god prolog, og var nesten, sa Tefre, før han la til:

– Får eg fleire sjansar, så blir dette bra.

Fekk kontrabeskjed

Tefre var eigentleg vraka til verdscuphelga i Lahti. Kort tid før landslagets avreise til Finland fekk han kontrabeskjeden, då Sondre Turvoll Fossli melde forfall.

Bak mannen frå Førde på resultatlista etter prologen var løparar som Eirik Brandsdal, Alexander Bolshunov og Finn Hågen Krogh. I 2015 debuterte Tefre i verdscupen. Den gongen var det skiatlon på Lillehammer som sto på programmet.