– Lever fotografen?

KNALL OG FALL: Martin-Olav Senneset ei tidels sekund før han er begravd i pudderet.

KNALL OG FALL: Martin-Olav Senneset ei tidels sekund før han er begravd i pudderet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Ho såg ikkje den komme, ha ha!

DEL

Silje Marita Vallestad frå Viksdalen tok helgas beste actionbilde då ho, Martin-Olav Senneset (bildet) og nokre vener køyrde ski i laussnøen i Sogndalsdalen i dag.

– Vi har leika oss i ein halvmeter pudder i heile dag. No er eg så sliten som ei bikkje, seier Martin-Olav, som laurdag kveld låg i ein sofa i Sogndal og venta på heimelaga pizza.

Halv meter pudder

Vennegjengen tek skiheisen til toppen av anlegget, og så køyrer dei i laussnøen ned att.

– Frå heisen stakar vi i kanskje ti minutt bortover fjellsida, og så er det berre å peise på. Så kjem tjue minutt i ein halvmeter herleg pudder, hopp, skog, dropp, det er eit eventyr, seier Martin-Olav.

– Vi er heldige som bur så nær dette anlegget. Her kan vi ta heisen opp, i staden for å traske heilt til toppen og så berre rekke den eine nedturen på ein dag. Fire turar rakk vi i dag. Det kunne blitt fleire, men vi må jo vente på bussen. Hadde vi hatt nokon som køyrde berre oss, kunne det blitt nokre fleire.

– Korleis går det med fotografen? Lever ho? spurte vener på Facebook i ettermiddag.

– Ja, ho begynner å komme seg no, ler Martin-Olav.

– Nei, alvorleg talt, eg trefte ikkje henne. Det var planlagt.

Fekk litt kjeft

– Denne planen, var fotografen orientert om den?

– Nei. Eg fekk litt kjeft.

– Eg har det heilt fint, ler Silje Marita Vallestad.

– Eg stod og filma då han kom hoppande rett mot meg.

Korleis kunne han ikkje treffe deg? Stoppa han rett før han trefte deg?

– Om han stoppa? Han bråstoppa! Han forsvann nesten i pudderet!

– Kvapp du?

– Nei, eg lo. Ein redselslatter.

– Fin dag?

– Vær trygg. Topp forhold, sure lår. Mykje mjølkesyre her no.

– Så då blir det sofaen i morgon?

– Nehei! Det blir topptur i Sogndalsdalen. Veit ikkje akkurat kor enno, vi har jo så mange å velje mellom!

Artikkeltags