Eit sekund bak den «umogelege» grensa

Odd-Bjørn Hjelmeset fekk kjenne melkesyra jobba under Skogahogen opp.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Gjøran Tefre tok att eit og eit halv minutt på Odd-Bjørn Hjelmeset under nyvinninga Skogahogen opp i Jølster Langfredag.

Med den farta i motbakken var det ingen som greidde å slå utøvaren frå Førde, i strålande påskevêr i opninga av Gjedalsdalen.

Gjøran Tefre

Gjøran Tefre Foto:

– Det er klart det er moro å vinne. Det er det alltid, sjølv om dette ikkje er eit teljande løp. Og det er moro å slå ein utøvar som Odd-Bjørn, seier Gjøran Tefre etter å ha fått att pusten.

Mangla eit sekund

For i år var første året at Jølster idrettslag, saman med Jølster løypelag, arrangerte Skogahogen opp. Eit renn på 2,6 kilometer, med kring 200 meter stigning.

– Det er ein tøff motbakke, samtidig er dette ei renn som passar til både mosjonistar og idrettsutøvarar, seier leiar i Jølster løypelag, og initiativtakar, Øyvind Sellevod Gjesdal.

I førekant av konkurransen var det ei tid det vart snakka om, både blant arrangørar og utøvarar: Var det nokon som kunne greie seg opp den bratte bakken på under ti minutt?

Tefre kom i mål med suveren bestetid, over minuttet framfor nummer to. Men han var eit fattig sekund frå å komme under ti minutt, og klokka inn til 10.01.

– Det var litt surt. Eg var ikkje klar over at det var så nær. Då skulle eg gått endå litt raskare på slutten, seier Tefre og smiler.

Karoline Erdal

Karoline Erdal Foto:

I dameklassen var det Karoline Erdal som gjekk av med sigeren. Her kan du sjå alle resultata.

– Komme for å bli

Framfor tidenes første motbakkekonkurranse på ski på Jølster, sikra arrangørane seg litt merksemd, ved å få Odd-Bjørn Hjelmeset til å stille på startstreken.

Og mannen som står med fem VM-gull, deriblant på fem mila i Sapporo i 2007, tok det med eit smil at Tefre var framfor på resultatlista.

Odd-Bjørn Hjelmeset

Odd-Bjørn Hjelmeset Foto:

– Han går godt i dag, men eg er jo ikkje anna enn ein mosjonist i dag, seier Hjelmeset og smiler, imponert over måten jølstringane fann vegen til løypa i dag.

– Det er moro når det står folk langs løypa heile vegen. Og når ein får eit slikt vêr i tillegg, er dette ein fin måte å bruke langfredag på. Nei dette var topp, seier Hjelmeset.

Og Hjelmeset var populær blant jølstringane. Ei av dei som hadde teke turen opp for å heie på han, var fem år gamle Thea Klevold Kjempenes.

– Eg skal bruke bjella og flagget når han kjem, sa ho til Firda før start.

Øyvind Gjesdal er klar på at arrangøren no ønskjer å få konkurransen til å bli ein tradisjon.

– Det må vere målet. Vi er veldig nøgde med det vi har fått til i dag, seier Gjesdal.

Om lag 45 stilte på startstreken på fredagens konkurranse.

Vinnarane.

Vinnarane. Foto:

Artikkeltags