Hope tok gull i USA, heime i Hyen feira familien

GULL: Herman Martens Meyer, Jon Rolf Skamo Hope, Harald Østberg Amundsen, og Thomas Helland Larsen kom først i mål på søndag.

GULL: Herman Martens Meyer, Jon Rolf Skamo Hope, Harald Østberg Amundsen, og Thomas Helland Larsen kom først i mål på søndag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Jon Rolf Skamo Hope (18) vann stafetten i junior-VM søndag. Karrieren hadde ein tidleg start i Gloppen.

DEL

– Det var veldig spennande å sjå på. Nokon tok opp sigersaugeblikket, men eg trur ikkje det eignar seg ute blant folk, seier Terje Skamo, med ei glede i stemma som heng igjen frå gårsdagen. 

Familien som bur i Hope var samla i stova, og det var ein runde med telefonar frå familie og slekt i Lillestrøm etterpå.

Terje Skamo trur det var høgda som var verst for sonen.

– Rennet var på 1800 meter, og det høgste Jon Rolf har vore er oppe på Sognefjellet om sommaren.

Begynte tidleg

– Første gong han var på skirenn var da han var 11 år. Det var i Førde og var ikkje så viktig med smørjing og slikt, seier Terje Skamo, far til den nylege juniorverdsmeisteren.

Skamo fortel at Jon Rolf hadde ein tidleg start. Han hadde ski på beina første gong da han var fire år, og første gong han utmerkte seg var han berre 13 år, og vann Ungdommens holmenkollrenn. Han vekte ekstra oppsikt sidan han var frå ein så pass liten klubb som Hyen IL. Sidan då har han hatt jamn framgang, og begynte på Norges Toppidretssgymnas på Geilo i 2014.

Eigen forteneste

Terje Skamo meiner sonen har seg sjølv å takke for suksessen.

– Han har alltid vore ivrig til å trene, det var aldri noko pusling. Vi har skimoglegheiter rett utanfor stova. Då han var liten var det å gå ein runde, så springe inn og sjå på Bjørndalen på TV for å sjekke teknikken. Han fekk aldri noko særleg med oppfølging eller ekstra opplegg, det var det først då han begynte på NTG Geilo.

Jon Rolf starta tidleg med å føre opp øktene sine i dagbok, fortel faren.

– Spesielt motbakkeløp i ein skogsveg i Liadalen hadde tider oppført som han heile tida prøvde å matche eller slå.

Spesialiserer seg

Jon Rolf har hatt ein godt variert oppvekst med friidrett, fotball, gardsarbeid, sykling og skigåing. Faren meiner det er viktig med allsidig trening, men sonen spesialiserer seg meir inn på ski no.

– Han driv med friidrett om sommaren, men det blir mindre og mindre no. Sist gong deltok han berre på 1500- og 3000-meter, og i år blir det nok berre 3000-meter. Jon Rolf siktar seg inn på OL og VM på ski, og då blir det slik, seier Terje Skamo.

Artikkeltags