Jegeren forklarte i retten at han trudde fjellreven var ein albino raudrev-kvalp.
Og sjølv om ingen av medlemmene av retten trudde 40-åringen skaut eit eksemplar av den utryddingstrua dyrearta med vilje, meinte fleirtalet at han burde gjort meir for å unngå feilen, skriv Stavanger Aftenblad.
Fjellreven vart skoten i Lund kommune i Rogaland.
Mannen vart dømd til 90 dagars fengsel. Han er òg dømd til tap av retten til jakt og fangst for ein periode på tre år.
Forsvararen til 40-åringen, advokat Asbjørn Stokkeland, har allereie tilrådd klienten sin å anke dommen til Høgsterett.
(©NPK)

Johannes (16) sikra seg tre pallplassar på tre dagar: – Eg klatra for kvar dag

– Eg har vore med på mykje, men dette er det sprøaste
