Gå til sidens hovedinnhold

Skatteoppgjer for 637 milliardar kroner i 2019

Skatteoppgjeret for 2019 er ferdig, og enda på 637 milliardar kroner i fjor. Skattelistene blir tilgjengelege 8. desember.

Lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande betalte til saman 539 milliardar kroner i skatt og avgift på inntekt og formue i 2019. 345 000 selskap betalte til saman 98 milliardar kroner i skatt (unnateke skatteinntekter frå oljeverksemda).

3 millionar lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande fekk betalt tilbake til saman 39 milliardar kroner i årets skatteoppgjer, og 820 000 betalte restskatt på til saman 26 milliardar kroner.

Skattelistene for inntektsåret 2019 er tilgjengeleg for søk på skatteetaten.no klokka 7 tysdag 8. desember.

Kommentarer til denne saken