Skattekontora opnar gradvis

Av

Frå måndag 18. mai opnar skattekontora gradvis opp igjen, men berre for tenester som absolutt treng fysisk oppmøte.

DEL

Tryggleik og smittevern står sentralt når Skatteetaten no opnar nokre av kontora sine igjen. Sjølv om kontora blir opna igjen, betyr ikkje det at opninga er for alle.

– Dei som skal møte opp på skattekontoret må bestille time på førehand. Vi vil leggje til rette for dei som må utføre ID-kontroll, og dei som treng farskapserklæring, seier Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.

Kontora ein no kan bestille time ved er blant andre Haugesund, Ålesund, Kristiansund, Førde, Bergen og Stavanger.

Fleire av kontora vil framleis vere stengde.

Artikkeltags