No kan du sjekke skattemeldinga - fleire i fylket får att på skatten

Hans Christian Holte Skattedirektør Skatteetaten Skattemeldingen

Hans Christian Holte Skattedirektør Skatteetaten Skattemeldingen Foto:

4,9 millionar får tilgang til skattemeldinga i dag. Hugs å sjekke at opplysningane er korrekte og fyll ut det som manglar slik at du betalar rett skatt, oppfordrar Skatteetaten.

DEL

I Sogn og Fjordane har 60.489 personar fått ein foreløpig skatt til gode på i gjennomsnitt 10.942 kroner, medan 15.204 har fått ein førebels rettskatt på 19.531 kroner i snitt.

Førehandsutfylt

Skattemeldinga for lønnstakarar, pensjonistar og personlege næringsdrivande er førehandsutfylt med opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag.

Det er framleis nokre skatteforhold du sjølv må fylle ut i skattemeldinga, for eksempel utleigeinntekter og utanlandsforhold som feriebustad.

– Skatteetaten veit ikkje alt om deg, og det er du som kjenner din økonomi best. Vi tek stadig imot meir informasjon om deg, men du er sjølv ansvarleg for å oppgi fullstendige opplysningar som er grunnlaget for å rekne ut skatten din, seier skattedirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.

Du kan også gå glipp av frådrag, om du ikkje fyller inn korrekte opplysningar i skattemeldinga, som til dømes frådrag og reiseutgifter, skriv Skatteetaten.

Årleg skattesjekk

– Det kan lønne seg å bruke ein halvtime på denne årlege skattesjekken og sørge for at du har alt på stell. Om alle opplysningane i skattemeldinga er rett og alt er att med, så treng du ikkje å levere den. Om du skal endre på noko, er dette lett å gjere på nett, seier Holte.

Skatteetaten viser til nettsida si skatteetaten.no, der du finn ulike verktøy ein kan bruke for å føre inn korrekte opplysningar i skattemeldinga. Ein kan også få hjelp på chat, Facebook eller telefon. Om ein skal besøke skattekontoret må du bestille time på førehand.

Levere i slutten av månaden

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar og 31. mai for næringsdrivande. Lønnstakarar og pensjonistar som ikkje har endringar, treng ikkje å levere skattemeldinga.

Dei som får skattemeldinga for næringsdrivande har ikkje moglegheit til å nytte seg av ordninga med leveringsfritak og må levere skattemeldinga elektronisk.

Ny skattemelding

Skatteetaten utviklar ein ny skattemelding. Eit mindre utval av befolkninga, ca. 280.000, vil få tilgang til den nye skattemeldinga i år. Planen er at mange fleire skal få den nye skattemeldinga neste år. Postane slik vi kjenner dei vil bli erstatta av tema som høyrer naturleg saman, som «bank og lån». Du vil få ein meir aktiv rettleiing i løysninga ved at du blir stilt relevante spørsmål undervegs, eller du blir gjort merksemd på forhold som må fyllast ut.

Fakta om skattemeldinga

  • Skattemeldinga inneheld ein foreløpig skatteutrekning. Åtte av ti (2.9 millionar) ligg an til å få skatt til gode når skatteoppgjeret er klart, medan to av 10 (800.000) mest sannsynleg må betale restskatt. Gjennomsnitt til utbetaling er 11.800 kroner. Restskatt å betale er 25.900 kroner i snitt.
  • Beløpa på restskatt og skatt til gode er foreløpige. Det er først når du får skatteoppgjeret at du får endeleg utrekning av skatt. I skatteoppgjeret er det tatt omsyn til eventuelle endringar og nye opplysningar du sjølv har utført. Skatteoppgjeret er klart mellom juni og oktober.
  • Nokon får ikkje foreløpig skatteutrekning i skattemelding; som for eksempel dei som har fått skattemelding for næringsdrivande og deira ektefellar og andre med meir komplekse skatteforhold.
  • I årets skattemelding er det oppretta fleire nye postar. Dei nye postane er inntekter frå korttidsutleige av bustad, opplysningar om tidsrom for pendlarutgifter, opplysningar om du ønsker å oppgi ein kontaktperson og eit nytt skjema for gevinst, tap, utbytte, formue på aksjar og andre finansielle produkt.
  • 7 av 10 lønnstakarar og pensjonistar nyttar leveringsfritak. Det vil seie at dei ikkje gjer endringar, men leverer den førehandsutfylte skattemeldinga automatisk ved leveringsfristen. 3.2 millionar brukte leveringsfritak i fjor. Fleire enn ni av ti av dei som leverte skattemeldinga, leverte den elektronisk. Rundt 85.000 leverte på papir.
  • 4 millionar (åtte av ti) får skattemeldinga berre elektronisk. Desse får varsel på e-post når skattemeldinga er tilgjengeleg og ei påminning på SMS.
  • Skatteetaten sender 786.000 skattemeldingar på papir. Det er 90.000 færre enn i fjor. Dei som får skattemeldinga på papir er dei 200.000 som har reservert seg mot å få elektronisk kommunikasjon frå stat og kommune, og alle som Skatteetaten ikkje har e-postadresse eller mobiltelefonnummeret til. Dei sistnemnde får skattemeldinga både elektronisk og på papir.
  • Skattemeldinga for 2018 er sendt ut på fleire språk og målformer:

- Bokmål: ca. 4.3 millionar

- Nynorsk: ca. 473 000

- Samisk: ca. 200

Engelsk: ca. 175 000

Artikkeltags