Har du enno ikkje levert skattemeldinga? No begynner det å haste

SEIN LEVERING: Rundt 150.000 næringsdrivande leverte skattemeldingen i løpet av deI siste tre innleveringsdagAne i fjor. Det same talet, 150.000, fekk utsett leveringsfrist til 30. juni.

SEIN LEVERING: Rundt 150.000 næringsdrivande leverte skattemeldingen i løpet av deI siste tre innleveringsdagAne i fjor. Det same talet, 150.000, fekk utsett leveringsfrist til 30. juni. Foto:

Tre dager før fristen hadde fire av ti næringsdrivande (ca. 300 000) enno ikkje levert skattemeldinga.

DEL

– I fjor fekk mange tusen næringsdrivande tvangsmulkt fordi dei ikkje leverte skattemeldinga innan fristen. Det vil vi aller helst unngå, seier divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal, i ei pressemelding.

Tvangsmulkt vil seie at du må betale 575 kroner kvar dag inntil du leverer skattemeldinga, eller til du har nådd maksgrensa på 57 500 kroner.

– Dei fleste næringsdrivande leverer til riktig tid, og det er viktig då vi treng opplysningane til å fastsette riktig skatt, seier ho.

65 000 fekk tvangsmulkt i fjor

Fleire leverer skattemeldinga for næringsdrivande innan fristen etter innføring av tvangsmulkt i 2017. I fjor blei det likevel fastsett 65 000 vedtak om tvangsmulkt fordi ein av ti næringsdrivande ikkje leverte skattemeldinga i tide.

Det er 5000 færre enn året før.

For næringsdrivande

Dersom du har mottatt skattemelding for næringsdrivande, må du hugse å levere denne elektronisk innan fristen. Det gjeld sjølv om du ikkje har endringar eller om du ikkje ser på deg sjølv som næringsdrivande, for eksempel om du nyleg har avslutta din egen verksemd og blitt lønnsmottakar.

Det er mogleg å søke om utsetting dersom det ikkje er mogleg å levere skattemeldinga i tide. Søknadsfristen er 31. mai.

Skattemeldinga må leverast innan midnatt fredag 31. mai.

I tabellen under kan du sjå kor mange næringsdrivande som har levert skattemeldinga i kvart fylke per 28. mai.

FylkeAntalLevert% Levert
Østfold34 00018 00056
Akershus76 00037 00052
Oslo117 00053 00048
Hedmark25 00014 00055
Oppland28 00016 00058
Buskerud38 00020 00055
Vestfold31 00017 00057
Telemark22 00012 00056
Aust-Agder15 0008 00056
Vest-Agder24 00013 00056
Rogaland55 00031 00058
Hordaland60 00028 00050
Sogn og Fjordane16 0008 00054
Møre og Romsdal31 00016 00054
Trøndelag56 00030 00055
Nordland26 00014 00055
Troms18 0009 00054
Finnmark9 0005 00054
Utland5 0002 00041




Totalt685 000352 00054

Kjelde: Skatteetaten

Artikkeltags