Han tente mest i Sogn og Fjordane

TENTE MEST: Kåre Furnes  frå Måløy toppar inntektslista i Sogn og Fjordane.

TENTE MEST: Kåre Furnes frå Måløy toppar inntektslista i Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKATT: Styreleiar i Ervik Havfiske, Kåre Furnes, tente mest i Sogn og Fjordane i 2016.

DEL

62-åringen frå Måløy tente over 20 millionar kroner i året som gjekk, og toppar lista føre ein annan tungvekter i fiskebransjen, Inge Helge Vassbotten, i Steinvik Fiskefarm i Flora.

Vassbotten tente 19,7 millionar kroner i fjor, og sit dessutan med ei formue på 171,6 millionar.

Odd Ragnar Igland, Florø, hentar sine inntekter frå INC og Saga Fjordbase, og tente i fjor 14,7 millionar kroner, noko som held til 3.-plass på inntektslista. Tore Jarl Johansen frå Måløy har ingen registrerte aktive roller i næringslivet, ifølge Regnskapstall.no, men hadde likevel inntekt på 14,4 millionar kroner i 2016. han var ein av eigarane i Atlantic Seafish, saman med Kåre Furnes, eit selskap som vart selt i 2013.

Les også: Oppdrettskongen tronar øvst på formuetoppen – igjen

Ester Lillan Belsvik frå Florø var den kvinna som tente mest i 2015. Ho er styreleiar og dagleg leiar i BB-gruppen og hadde i fjor ei inntekt på 10,5 millionar kroner.

Trond Valaker tente mest av innbyggarane i Førde. Han hadde ei inntekt på 6,9 millionar kroner.

Listar du ser under er sortert på høgaste inntekter i skatteåret 2016. For å sjå høgaste formue klikkar du på kolonneoverskrifta «Formue».

Topplisten for Sogn og Fjordane fylke inntektsåret 2016
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue

Artikkeltags