Difor MÅ du sjekke skatten din i år

MÅ SJEKKE: I år er det viktigare enn nokon gong å sjekke skatten.

MÅ SJEKKE: I år er det viktigare enn nokon gong å sjekke skatten. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKATT: 4. april er dei førebelse skattetala klare, og i år er det viktigare enn nokon gong før å sjekke skatten.

DEL

Frå i år er den kjende sjølvmeldinga historie. No heiter det skattemelding. Mykje er det same som før, men det er ei viktig endring alle bør bite seg merke i; du har no eit mykje større ansvar for å fylle ut riktig, skriv Nettavisen/ANB.

Sjølvmeldinga historie

– Skattemeldinga erstattar den tidlegare sjølvmeldinga, men det er ikkje berre namnet som er nytt. Både moglegheitene til å endre, fristane, sanksjonsapparatet og ikkje minst skjerpa ansvar for korrekt rapportering er også nytt, seier advokat i Regnskap Norge, Per-Ole Hegdal, til Nettavisen.

Eitt døme: Viss du tidlegare kjøpte og selde bustad etter å ha budd der i eitt år, kunne du opplyse om kjøpesum, salsverdi, oppussingskostnader og andre utgifter og be om at skatteetaten berekna ein eventuell skattepliktig gevinst.

Må gjere jobben sjølv

I det nye systemet må du sjølv sette deg inn i skattereglane for kjøp og sal av bustad for å forstå om salet har skattemessige konsekvensar. Dermed må skattytar sjølv berekne skattepliktig gevinst eller tap for deretter å opplyse om vinsten eller tapet slik at skattlegging blir gjennomført på korrekt måte. Det same gjeld for kjøp og sal av aksjar, andre verdipapir og andre skattepliktige inntekter og formue, skriv Nettavisen.

For fullstendig oversikt over det nye systemet, kan du følgje linken her.

Artikkeltags