Fiskeoppdrettar toppar begge listene

Toppar: Med formue på 131 millionar, og inntekt på 6,6 millionar, tronar Erik Jarle Osland øvst på både formue- og inntektslistene.Arkivfoto: Ivar Myklebust Longvastøl

Toppar: Med formue på 131 millionar, og inntekt på 6,6 millionar, tronar Erik Jarle Osland øvst på både formue- og inntektslistene.Arkivfoto: Ivar Myklebust Longvastøl

Artikkelen er over 1 år gammel

SKATT: Det er framleis Erik Jarle Osland som tronar inntekts- og formuelista i Høyanger.

DEL

Fiskeoppdrettar Erik Jarle Osland i Osland havbruk AS, tente mest i Høyanger i 2016. Han er dagleg leiar i Osland havdrift. I tillegg til fiskeoppdrett er han òg styreleiar i Osland Settefisk AS, som har konsesjon for produksjon av 3,5 mill. smolt. Osland er òg på formuestoppen med ein formue på 131,8 millionar kroner.

Erik Jarle Osland toppa også skattelistene i 2015: Laksekongen er på topp.

Les også: – Ei misunningsavgift

På nummer to på inntektstoppen er Egil Fredriksen, som hadde ei inntekt på 2,5 millionar i fjor. Han er fabrikksjef i Hydro i Årdal. Hydro i Høyanger og Årdal leverte etter dei tre første månadene i 2016 eit overskot på til saman 42 millionar: – Det er som å delta i verdsmeisterskap kvar dag

Leif Botolf Hesle er nummer to på formuestoppen, med ei formue på 30 millionar kroner. Han er styreleiar i Fortuna Estate AS, og La Manga Sea Shell, og driv med utleige og sal av eigedom.

Listar du ser under er sortert på høgaste inntekter i skatteåret 2016. For å sjå høgaste formue klikkar du på kolonneoverskrifta «Formue».

Topplisten for Høyanger kommune inntektsåret 2016
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue

Artikkeltags