Desse to ligg på inntektstoppen i Førde

PÅ TOPPEN: Trond Valaker (t.v.) og Andre Grov (t.h).

PÅ TOPPEN: Trond Valaker (t.v.) og Andre Grov (t.h). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKATT: Trond Valaker tronar øverst, medan Andre Grov tek andreplassen.

DEL

Med eit inntektsår som gav 6.943.311 kr i 2016, er det Trond Valaker som toppar inntektslista i Førde.

Valaker var mangeårig driftar av Expert Valaker, men står i dag oppført som dagleg leiar og innehavar av enkeltmannsføretaket Telefonpartner Trond Valaker.

Godt år for Entreprenørservice

Like bak finn ein styreleiar i Entreprenørservice, Andre Grov, med i overkant av 6,7 millionar kroner i inntekt.

Entreprenørservice hadde 77 millionar i driftinntekter i fjor, og sat att med eit årsresultat på om lag tre millionar.

Ung alder, høg formue

På formuetoppen for Førde kommune finn ein Oda Hjelmeland (fødd 1987), med i overkant av 90 millionar.

Hjelmeland sit med 98.04 prosent av aksjane i Fjordane Holding AS.

Deretter følgjer Torill Selvik Jacobsen og Egil Jacobsen i Førde Vulk på andre og tredjeplass, med høvesvis 79,9 og 71,7 millionar kroner.

Førde Vulk hadde nær 68 millionar i driftsinntekter i 2016, og eit årsresultat på 2,3 millionar.

Listar du ser under er sortert på høgaste inntekter i skatteåret 2016. For å sjå høgaste formue klikkar du på kolonneoverskrifta «Formue».

Topplisten for Førde kommune inntektsåret 2016
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue

Artikkeltags