Ingen over – ingen i nærleiken

GÅVE: Her takkar Brigt Samdal for gåvesjekken på 700.000 kroner til fleirbrukshallen i Eikefjord. Gåva kom frå dei to rikaste i Flora, Inge Helge Vassbotten (i midten) og Alex Vassbotten (t.h).

GÅVE: Her takkar Brigt Samdal for gåvesjekken på 700.000 kroner til fleirbrukshallen i Eikefjord. Gåva kom frå dei to rikaste i Flora, Inge Helge Vassbotten (i midten) og Alex Vassbotten (t.h). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Like før 17. mai overraska Inge Helge Vassbotten og Alex Vassbotten med gåvesjekk på 700.000 kroner til fleirbrukshallen i Eikefjord. Det hadde dei definitivt råd til.

DEL

Dei to oppdrettsgründerane er dei suverent rikaste i Flora, og har ein formue på svimlande 334 millionar kroner, og Inge Helge er både eldst og størst med ein formue på 171,6 millionar kroner.

Duoen er sentrale eigarar i Steinvik fiskefarm, ei bedrift som leverte eventyrlege resultat i 2016. Omsetninga auka frå 315 millionar til 447 millionar kroner, og overskotet enda på 182 millionar kroner. Også dette viser att på formuen til dei to; Inge Helge auka sin formue med 10 millionar i løpet av 2016, Alex med nær nøyaktig det halve.

Men også eigar og styreleiar i Safari Engros, Atle Helge Hollevik, kan sjå tilbake på eit godt år. Han ligg på 3.-plass på formuestoppen og er god for 82,6 millionar kroner, fem millionar meir enn i 2015.

Inge Helge Vassbotten toppar også inntektslista i Flora med ei inntekt på 19,7 millionar kroner.

Lista du ser under er sortert på høgaste inntekter i skatteåret 2016. For å sjå høgaste formue klikkar du på kolonneoverskrifta «Formue».

Topplisten for Flora kommune inntektsåret 2016
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue

Artikkeltags