Tente mest etter eigedomssal i Førde

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Anne Gunn Boge er nummer ein på inntektstoppen i Fjaler, med ei inntekt på 6,2 millionar kroner på skattelistene i 2016. Millioninntekta skriv seg frå salet av Hafstadgården i Førde i 2016. Boge er eit av fem søsken som eigde bygget som vart selt til FGH Invest for 37 millionar kroner.

Listene finn du i botnen av artikkelen.

Nestemann på inntektstoppen i Fjaler er Helge Søgnen, med ei inntekt på 3,6 millionar kroner på skattelistene i 2016. Søgnen har investert i aksjar i ei rekke selskap. Nummer tre på inntektstoppen er kommunelegen Werner Helmut Garre-Fivelsdal, med ei inntekt på 2,6 millionar kroner.

På dei to neste plassane ligg ekteparet Willy Arne og Frøydis Sandnes, med inntekter på høvesvis 2,5 og 2,2 millionar kroner. Ekteparet Sandnes er eigarar av Sandnes Fiskeoppdrett AS, som hadde driftsinntekter på 132,5 millionar kroner og resultat før skatt på 64,6 millionar kroner i 2016.

Frøydis Sandnes er nummer to på formuestoppen i Fjaler med ein formue på 51,8 millionar kroner i 2016. Her ligg Willy Arne Sandnes som nummer tre med ein formue på 50,9 millionar kroner. Øvst på formuestoppen i Fjaler ligg Ove Myklebust, gründeren av Elis (som no heiter Enoro). Myklebust står oppførte med ein formue på 54,1 millionar kroner på skattelistene for 2016.

Lista du ser under er sortert på høgaste inntekter i skatteåret 2016. For å sjå høgaste formue klikkar du på kolonneoverskrifta «Formue».

Topplisten for Fjaler kommune inntektsåret 2016
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue

Artikkeltags