Tjente desidert mest i 2016

Tore Jan Hillersøy var den personen i Askvoll som hadde desidert høgast inntekt i 2016, dobbelt så mykje som nestemann på lista.

Tore Jan Hillersøy var den personen i Askvoll som hadde desidert høgast inntekt i 2016, dobbelt så mykje som nestemann på lista. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fiske og oppdrett er stikkorda for toppane på inntektslista og formuelista i Askvoll.

DEL

Tore Jan Hillersøy var den personen i Askvoll som hadde desidert høgast inntekt i 2016. Fiskebåtreiaren frå Bulandet hadde ifølgje skattelistene ei inntekt på 5,6 millionar kroner i 2016. Tore Jan Hilllersøy er dagleg leiar og styreleiar i selskapet Brødrene Hillersøy AS, som han eig saman med broren Magnar Edmund Hillersøy. Dette selskapet hadde i 2016 driftsinntekter på 17,9 millionar kroner og eit resultat før skatt på 4 millionar kroner. Lista over dei 100 med høgast inntekt og høgast formue finn du i botnen av artikkelen.

Nestemann på inntektstoppen i Askvoll er Steinar Hagesæther frå Kvammen, som er oppført med ei inntekt på 2,7 millionar kroner i skattelistene for 2016. Hagesæther er styreleiar i Flokenes Fiskefarm AS, der han og dagleg leiar i selskapet, Ingvar Bjarne Osland, eig 45,05 prosent av aksjane kvar. Restene av aksjane i selskapet er eigde av Magnar Terje Leknes og Eivind Rørvik, med 4,95 prosent av aksjane kvar. Flokenes Fiskefarm AS hadde i 2016 driftsinntekter på 116,2 millionar kroner og eit resultat før skatt på 52,5 millionar kroner.

Steinar Hagesæther og Ingvar Bjarne Osland eig Flokenes Fiskefarm AS saman, og er nummer ein og to på formuetoppeni Askvoll

Steinar Hagesæther og Ingvar Bjarne Osland eig Flokenes Fiskefarm AS saman, og er nummer ein og to på formuetoppeni Askvoll

På formuetoppen i Askvoll er Hagesæther øvst på lista med ei formue på 45,5 millionar kroner. Kompanjongen Ingvar Bjarne Osland er nummer to på denne lista, med ei formue på 42,1 millionar kroner.

Listar du ser under er sortert på høgaste inntekter i skatteåret 2016. For å sjå høgaste formue klikkar du på kolonneoverskrifta «Formue».

Topplisten for Askvoll kommune inntektsåret 2016
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue
Nr. Navn Født Sorter: Inntekt Skatt Formue

Artikkeltags