Skårfaste på fjellhylle ved Via Ferrata

DEL

Vest politidistrikt melder at dei laurdag kveld fekk melding om at tre personar hadde gått seg skårfaste på ei fjellhylle i tilknyting til Via Ferrata i Loen.

Dei tre var godt kledde og uskadde, men kom seg verken opp eller ned.

Det vart sett i gang ein redningsaksjon, leia av Vest politidistrikt.

Frivillige rykte ut og tok seg fram til dei tre personane. Dei var kalde, men ikkje skadde, og var to timar etter at redningsaksjonen vart sett i gang på veg ned til trykk grunn saman med dei frivillige mannskapa.

Artikkeltags